Opplæringslova
§ 2-3 Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa
Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendom, religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.
Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar 8.-10. årstrinn.
Departementet gir forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-1 og forskrifter etter § 1-5.
Etter søknad frå kommunen kan departementet gi ein skole løyve til avvik frå første leddet og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå samarbeidsutvalet.
Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999 iflg. res. 17 sep 1999 nr. 1011), 12 apr 2002 nr. 10 (ikr. 1 aug 2002 iflg. res. 12 apr 2002 nr. 349), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 27 juni 2008 nr. 70 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 27 juni 2008 nr. 724), 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 19 des 2008 nr. 1424), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 19 juni 2015 nr. 76 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 699).