Fleire framandspråk i grunnskolen – har elevane rett på lærebøker og karakter?

Skoleeigaren har inga plikt til å tilby to framandspråk i tillegg til engelsk, men dersom tilbodet likevel blir gitt, skal eleven ha standpunktkarakter i faget og kan trekkast ut til munnleg eksamen.

Lovverket pålegg ikkje skoleeigaren å tilby elevane lærebøker i faget, men dersom eleven skal kunne oppfylle kompetansemåla i faget, kan det likevel vere nødvendig.

Gjelder

Rett til å nekte lærebøker og karakter i framandspråk nummer to?

Ein elev har i tillegg til engelsk tatt tysk og spansk som framandspråk. Skolen har no gitt beskjed om at han/ho kan følge undervisninga i spansk, men at han/ho ikkje vil få karakter eller lærebøker i faget.

Spørsmålsstillaren etterlyser heimel for at skolen kan nekte å gi eleven karakter og lærebøker i faget.

Inga plikt til å tilby to framandspråk i tillegg til engelsk

Det følger av forskrift til opplæringslova § 1-8 at elevar på ungdomstrinnet i grunnskolen i tillegg til opplæring i engelsk enten skal ha opplæring i eit framandspråk til eller språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Skolen har dermed ikkje plikt til å gi eleven opplæring i spansk så lenge han/ho får opplæring i tysk. I dette tilfellet har eleven fått tilbod om undervisning i spansk. Det følger da av læreplanen i framandspråk at eleven skal ha standpunktkarakter i faget på 10. trinn og at han/ho kan trekkast ut til munnleg eksamen på same årstrinn.

Eleven skal kunne oppfylle kompetansemåla i faget

Det følger vidare av læreplanen i framandspråk kva for kompetansemål undervisninga skal legge til rette for at eleven skal kunne oppfylle. Kommunen som skoleeigar er ansvarleg for at eleven får rettane sine oppfylte, jf. opplæringslova § 13-1. Lovverket pålegg ikkje skoleeigaren å tilby elevane lærebøker i faget, men det kan likevel vere nødvendig dersom eleven skal kunne oppfylle kompetansemåla i faget. Dette må skoleeigaren vurdere. Lærebøkene skal i tilfelle vere gratis, jf. opplæringslova § 2-15.

Kan stride mot likskapsprinsippet

Direktoratet gjer merksam på at det kan stride mot likskapsprinsippet i forvaltningsretten dersom berre enkelte elevar får tilbod om lærebøker i faget utan at det ligg føre ein sakleg grunn til forskjellsbehandlinga. Det er opp til skoleeigaren å vurdere dette på grunnlag av omstenda i det enkelte tilfellet.

Vedlegg

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}