Forskrift til opplæringslova
§ 6-40 Vilkår for inntak til knutepunktskolar
Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 kan søkje om inntak til eit teiknspråkleg miljø på ein knutepunktskole etter føresegnene her, eller om opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole etter § 6-18. Knutepunktskolar er ordinære fylkeskommunale vidaregåande skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghøyrde elevar.
Søkjaren må føre opp i søknaden om han eller ho ønskjer vidaregåande opplæring på ein knutepunktskole eller på ein ordinær vidaregåande skole med tolk. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole. Ved søknaden skal det liggje ei sakkunnig vurdering av behova til søkjaren i samsvar med § 6-41. Søkjaren må ha valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga.
Søkjarar etter denne føresegna har rett til eit av tre valde utdanningsprogram etter opplæringslova § 3-1. Søkjarar som ønskjer opplæring på ein knutepunktskole, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram/programområde i søknaden enn dei tilboda som knutepunktskolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.