Forskrift til opplæringslova
§ 6-41 Sakkunnig vurdering
I samband med inntak til ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 eller opplæring med tolk på ein ordinære vidaregåande skole skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til
- behovet som søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
- om behovet til søkjaren blir best sikra gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
- om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.
Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her.
Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.