Forskrift til opplæringslova
§ 6-39. Deltidselevar til Vg2 eller Vg3
Ein søkjar som ikkje fyller vilkåra i § 6-28 eller § 6-37 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle likevel takast inn som deltidselev. Fylkeskommune fastset korleis inntaket skjer.
Fylkeskommunen kan mellom anna ta inn som deltidselev ein søkjar som
- manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering etter § 6-37 ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået,
- manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1,
- har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.