Forskrift til opplæringslova
§ 6-16. Krav til den sakkunnige vurderinga
Før fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram etter § 6-15, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til søkjaren. Den sakkunnige vurderinga skal gjere greie for og ta standpunkt til følgjande:
- Vanskane som ligg til grunn for søknaden, tidlegare tiltak og kva vanskane vil ha å seie for opplæringa i vidaregåande opplæring, jf. § 6-15 andre ledd.
- Om søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn på eit særskilt utdanningsprogram som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram.
- Om det er sannsynleg at søkjaren ut frå sine føresetnader har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse, dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet enn til andre utdanningsprogram.
- Om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det utdanningsprogrammet som han eller ho har ført opp som sitt primære val med yrkes- eller studiekompetanse.
- Det behovet søkjaren har for særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med andre utdanningsprogram.