Forskrift til opplæringslova
§ 6-15. Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram
Søkjarar som har rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, har rett til inntak til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1 når vilkåra her er oppfylte. Desse søkjarane skal ha fortrinn ved fordeling av plassar.
For å ha eit fortrinn etter føresegna her må søkjaren ha rett til spesialundervisning og ha eit særleg behov for inntak til eit bestemt utdanningsprogram. Søkjaren må ha eit omfattande behov for spesialundervisning på grunn av vanskane som ligg til grunn for søknaden. I vurderinga av om søkjaren har eit særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, må det godtgjerast at vanskane til søkjaren gjer at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita søkjaren har til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Om søkjaren sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har han eller ho ikkje eit særleg behov for inntak etter føresegna her.
Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som tilrår eit bestemt utdanningsprogram, jf. § 6-16.
Kommunen må etter samtykke frå søkjaren innan 1. oktober melde søkjaren til fylkeskommunen for ei sakkunnig vurdering etter § 6-16 frå den pedagogisk-psykologiske tenesta til fylkeskommunen. Kommunen må i meldinga leggje ved siste enkeltvedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for
- vanskane som ligg til grunn for enkeltvedtaket om spesialundervisning, og kvifor dei meiner søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
- tidlegare tiltak
- kva vanskane vil ha å seie for vidaregåande opplæring.
Søkjaren må ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga. Om søkjaren ikkje har valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga, skal han eller ho ikkje takast inn etter føresegna her.
Fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan avvike frå den sakkunnige vurderinga, men vedtaket må da grunngivast særleg.