Forskrift til opplæringslova
§ 6-17. Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne
Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg1 etter føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.
Søkjaren har rett til eit av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.
Om søkjaren har særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, skal søknaden behandlast etter § 6-15 og § 6-16 og ikkje etter føresegna her.
Kommunen skal innan 1. oktober kvart år, på bakgrunn av samtykke frå søkjaren, melde frå til fylkeskommunen om elevar på 10. årstrinn som har sterkt nedsett funksjonsevne, og som fullfører grunnskolen det aktuelle skoleåret.