Forskrift til opplæringslova
§ 6-23. Søkjarar som har rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga
For søkjarar som har hatt enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 i grunnskolen, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.
Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.
0 Endra ved forskrift 4 nov 2016 nr. 1284.