Forskrift til opplæringslova
§ 6-24. Søkjarar utan talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag
For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.
For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-20 og § 6-21, skal søknaden vurderast individuelt. Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt.
Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 4-29.