Forskrift til opplæringslova
§ 6-22. Søkjarar som har rett til spesialundervisning, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga
For søkjarar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer da på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.
Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.