Forskrift til opplæringslova
§ 1-15 Tilbod om fag frå vidaregåande opplæring til elevar på ungdomstrinnet
Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i læreplanverket, jf. § 1-1. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med læreplanverket. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Kommunen gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Før kommunen gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.
Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-26 tredje ledd.
Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.
Vaksne i grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 kan òg ta fag i vidaregåande opplæring etter denne føresegna.
Tilføyd ved forskrift 23 mai 2008 nr. 934 (i kraft 22 aug 2008), endra ved forskrifter 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012, tidlegare § 1-14), 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), 14 nov 2022 nr. 1959.