Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

3. Intervju er ingen samtale

Eit intervju i eit tilsyn er ingen samtale. Tilsynsintervjuet skil seg frå samtalen ved at det har eit klart formål, med ein asymmetrisk relasjon og tydeleg ulike roller mellom deg og personen som blir intervjua.

Du må gjerne gje det eit skinn av samtale, men intervjuet har eit klart formål. Du skal innhente informasjon ved at du får personen som blir intervjua, til å beskrive, forklare og (nokre gonger også) vurdere dei forholda du skal undersøkje.

Målet med intervjuet er å avdekkje praksis i verksemda gjennom å innhente sannferdig, konkret og etterprøvbar informasjon. Du som intervjuar, skal definere setting, formål, roller, ramme og tema. Du skal innhente informasjon. Den personen som blir intervjua, er kjelda og skal gi deg informasjonen. Han/ho skal opplyse saka.

Som tilsynsperson har du fleire gode, sterke verkemiddel du kan bruke i intervjuet for å få ut den informasjonen du treng.

Lovverket gir deg heimelen som gjer at du kan skape den settingen du treng for å gjere intervjua. I dei fleste samanhengar følgjer det mykje autoritet med å representere ei tilsynsmyndigheit. Dei aller fleste vil utan vidare akseptere korleis du trekkjer opp rammene for intervjuet. Dei du skal snakke med, har òg som regel ei opplysningsplikt, ei plikt til å gi den informasjonen du ber om.

Der det er krav om at noko skal finnast eller vere gjort, vil verksemda ha ei dokumentasjonsplikt. Kan dei ikkje dokumentere dette, kan det føre til at det blir konstatert lovbrot, og at det blir vedteke pålegg om retting. Opplysningane som kjem fram i intervjuet, kan dermed ha ein konsekvens. Alt dette er sterke verkemiddel som tilsynsmyndigheita har, og som du òg kan bruke i intervjusituasjonen om nødvendig.