Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

4. Når skal du intervjue?

Behovet for informasjon i tilsynssaka skal avgjere om det er formålstenleg med intervju, kven som skal intervjuast, og korleis intervjua skal gå føre seg.

Styrken med intervjuet samanlikna med andre informasjonskjelder, er at det kan fange opp informasjon som ikkje er nedfelt skriftleg. Det kan få fram ikkje berre den formelle framstillinga frå kommunen, men erfaringar, forklaringar, vurderingar til ulike personar som fortel korleis skriftlege rutinar/retningslinjer blir følgde i praksis. Svara som kjem fram i intervjua, kan følgjast opp og utforskast. Biletet kan bli breiare, meir konkret og meir utdjupa enn det du får ved berre skriftleg dokumentasjon.

Veikskapen med intervju som informasjonskjelde er at det er tidkrevjande både for deg og for den personen som blir intervjua. Det krev ein plan og føreset at tilsynspersonen er i stand til å skape gode intervjusituasjonar og gjennomføre intervjuet på ein god måte som gjer at du får innhenta relevant og sannferdig informasjon.