Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

8. Ulike typar spørsmål

Mange som intervjuar, er lite bevisste på effekten av korleis intervjuet blir lagt opp og måten spørsmåla blir stilte på. Vi tek med oss vanar og uvanar frå våre daglegdagse samtalar inn i intervjusituasjonen. Hovudfeilen mange gjer, er å stille for mange lukka spørsmål, leiande spørsmål, doble spørsmål eller framfører ytringar utan å stille spørsmål.

Opne spørsmål

Eit hovudskilje går mellom å stille opne og lukka spørsmål. Opne spørsmål startar helst med eit spørjeord. Dei klassiske spørjeorda er kva, kven, kvar, når, kva for, korleis og kvifor.

Eit ope spørsmål har spørjeordet først. For eksempel: ”Kva har de av rutinar for…?” ”Korleis praktiserer de…?” ”Korleis følgjer de dette opp i praksis?”

Opne spørsmål opnar opp for at den personen som blir intervjua, må bestemme sjølv kva han/ho ønskjer å ha med inn i svaret sitt, og gjere eigne prioriteringar og avgrensingar. Da kan det vere at det kjem fram viktige opplysningar og beskrivingar du ikkje hadde tenkt deg på førehand.

Opne spørsmål kan også ha form av ei oppfordring. ”Beskriv…” ”Fortel…” For eksempel: ”Beskriv rutinane de har for…” For å gi oppfordringa ei mjukare form kan du også formulere det mjukare. ”Kan du beskrive korleis…?” Han/ho som blir intervjua, vil normalt oppfatte også dette som eit ope spørsmål.

Fordelen med opne spørsmål er at dei inviterer den personen som blir intervjua, til å beskrive ut frå si forståing av det som skal inkluderast og korleis, i staden for at han/ho svarer på dei alternativa du tek opp. Opne spørsmål inviterer også til å vere meir aktiv i beskrivingane.

Sjølv om du stiller opne spørsmål, er det viktig at du fører an i retninga. Eit ope spørsmål er inga oppfordring om å fortelje om alt mogleg. Du må avgrense gjennom tema, problemstilling og innsnevring.

Eit spørsmål har to element: Det første er ei avgrensing av tema eller problemstilling. Det andre er kalla triggaren – sjølve måten spørsmålet er stilt på. Det er det siste som er ope. For eksempel: ”Kva åt du til middag i går?” Her er temaet ’middag i går’. Triggaren er open og overlèt til den personen som skal intervjuast, å svare det han/ho ønskjer på temaet.

Er det svært avgrensa informasjon du leiter etter, kan du stille lukka spørsmål, for så å be om ei konkretisering. Ønskjer du å få meir informasjon og opne opp framstillinga til den personen som blir intervjua, bør du setje opp opne spørsmål i intervjuguiden din.

Lukka spørsmål

Lukka spørsmål avgrensar svarmoglegheitene. Oftast startar dei med eit verb og inviterer til eit eller fleire svaralternativ. For eksempel: ”Har de rutinar for dette?” ”Åt du fisk til middag i går?”

Fordelen med lukka spørsmål er at du kan få ei grei avklaring på eit enkelt forhold som du lurer på. Du kan få meir presise svar, og det går raskt.

Ei ulempe er at den personen som skal intervjuast, ofte luktar kva som er riktig svar – og gjerne gir deg dette. Ei anna ulempe er at den intervjua blir meir passiv og svarer på akkurat det du inviterer til. Ei tredje ulempe er at den intervjua ikkje tek opp annan informasjon som kunne vore vesentleg for deg å få, fordi du ikkje spør etter det. Lukka spørsmål kan også gjere det lettare for dei som blir intervjua ved at dei kan sno seg unna.

Lukka spørsmål har likevel ein nyttig funksjon. Dei kan brukast for å avklare enkle fakta. For eksempel: ”Var det den 29. januar de gjorde dette?” ”Har de ein skriftleg rutine for dette?” ”Har de eit referat frå dette møtet?”

Du kan også kombinere lukka og opne spørsmål ved først å stille eit lukka spørsmål – og så eit ope oppfølgingsspørsmål. For eksempel: ”Har de klare reglar for bortvising av elevar?” Viss svaret er ja, kan det følgjast opp med: ”Kva for reglar har de?” eller ”Kva slags reglar har de?”

Viss du i større grad ønskjer at den intervjua skal gi ei fri beskriving og forklaring, bør du starte med opne spørsmål og så stille avklaringsspørsmål undervegs i form av lukka spørsmål viss det er behov for å få presisert utsegner eller opplysningar.

Konkluderande spørsmål

Konkluderande spørsmål er ein variant av lukka spørsmål, der du vil ha eit eintydig svar på om du har forstått den intervjua riktig. Konkluderande spørsmål speler ei nøkkelrolle når du vil at opplysningane som kjem fram, skal vere eintydige. Dette for å sikre at du har forstått den intervjua på riktig måte, og vedkomande stadfestar at det er riktig.

Da formulerer du ein påstand i form av eit lukka spørsmål. For eksempel: ”Er det slik å forstå at de ikkje har skriftlege rutinar for dette?” Den intervjua må velje om han/ho vil stadfeste eller avkrefte denne påstanden, eller eventuelt omformulere han. Dette sikrar at du unngår misforståingar og får eintydige bevis som du treng for å konkludere i ditt tilsyn.

Bruk trakta – kombiner ulike typar spørsmål

Under eit tilsynsintervju bør du kombinere både opne, lukka og konkluderande spørsmål. For kvart temaområde kan du bruke ”trakta”. Start aller helst med opne spørsmål. Deretter kan du gradvis lukke og til slutt konkludere, slik at funna dine er eintydige, og du får ein positiv respons på at du har forstått den intervjua riktig.

Dette kan du gjere på temaområde etter temaområde i intervjuet. Du går først vidare til neste tema, og startar ope der også, når du har konkludert på det første. 

I praksis vil du ofte oppleve at du må bevege deg litt opp og ned i trakta, før du kan stille dei konkluderande spørsmåla.