Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

16. Ti gode råd

  1. Planlegg intervjua godt med tidsbruk, rekkjefølgje og stad. Set deg godt inn saksdokumenta på førehand.
  2. Lag ein intervjuguide med hovudspørsmåla og konkrete oppfølgingsspørsmål.
  3. Ver tydeleg ved etableringa av intervjusettingen. Ikkje hopp over den delen.
  4. Hugs det er eit intervju og ikkje ein samtale. Ikkje ver redd for å styre intervjuet.
  5. Formålet er å innhente bevis. Du må våge å utfordre og be om konkretiseringar av påstandar.
  6. Bruk trakta: Still først opne spørsmål, deretter lukka og konkluderande spørsmål.
  7. Få aksept for bevisa hos den intervjua, slik at de begge er sikre på at de oppfattar faktum på same måten.
  8. Våg å vere nysgjerrig i spørsmåla dine.
  9. Våg å følgje den intervjua. Du kan alltid komme tilbake til spørsmåla dine.
  10. Det viktigaste du gjer, er å lytte. Ha gode oppfølgingsspørsmål klare.