Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

5. Ulike typar intervju

Sjølv om det er forskjellar, har tilsynsintervjuet mykje til felles med forskingsintervjuet, det journalistiske intervjuet og politiavhøyr. Eit viktig fellestrekk er eit av hovudformåla: å innhente relevant og sannferdig informasjon gjennom framstillingane til personar.

Forskingsintervju skil mellom strukturerte og ustrukturerte og formelle og uformelle intervju. I eit formelt strukturert intervju får den personen som skal intervjuast, dei same spørsmåla i den same rekkjefølgja – ofte med eit stort innslag av lukka spørsmål og med avgrensa svarmoglegheiter. Det er avgrensa kva du spør om, og det er avgrensa kva for opningar det gir den personen som blir intervjua, til å fargeleggje og vektleggje på sin måte. Fordelen med slike intervju er at du kan spørje fleire personar om det same, få samanliknbare svar og eit større innslag av kvantitative data. Ulempa er at spørsmåla skjer av og avgrensar kva han/ho som blir intervjua, sjølv kan ta opp i intervjuet.

I eit uformelt og ustrukturert intervju er du meir oppteken av å følgje personen som blir intervjua og hans/hennar framstilling. Intervjuet må gjerne ha eit klart formål, men det har ingen bestemt gang. Spørsmåla er ofte opne og gir han/ho som blir intervjua, eit betre høve til å fargeleggje på sin måte. Styrken med denne forma er at du ofte får langt meir informasjon – også om forhold du ikkje hadde tenkt deg før tilsynet. Ulempa er at slike intervju tek lengre tid, kan vere meir krevjande å styre og kan gi mykje informasjon du ikkje har nytte av.

I eit tilsyn vil formålet med intervjuet og kven du skal intervjue, avgjere kva for tilnærming du skal velje.

Viss målet er å få avklart nokre enkle fakta på ein rask måte (frå fleire), kan ofte strukturerte intervju med lukka spørsmål fungere greitt. Treng du opplysningar frå ei større gruppe for å sikre representativitet, er kanskje spørjeskjema eit godt alternativ.

Viss formålet er vidare, og målet er å avdekkje eit større bilete basert på korleis den intervjua forstår verkelegheita, bør du velje semistrukturelle intervju med større innslag av opne spørsmål. Det inneber at du har sett opp konkrete spørsmål du ønskjer å få svar på, men rekkjefølgja er ikkje låst, og du er i større grad oppteken av å følgje den personen som blir intervjua, enn å stille spørsmåla i ei bestemt rekkjefølgje.