Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

9. Tre dydar og sju ”dødssynder”

Den kanadiske professoren John Sawatsky har studert tallause intervju, og har funne ut kva slags typar spørsmål som bidreg til best mogleg svar frå den intervjua. Han meiner at mange av spørsmåla øydelegg for intervjuaren ved at dei er lite gjennomtenkte eller dårleg stilte. I staden for å opne opp den personen som skal intervjuast og få gode svar, forstyrrar og øydelegg spørsmåla intervjuet.

Sawatsky trekkjer fram tre dydar som intervjuarar bør prøve å få til.

  1. Stille enkle spørsmål.
  2. Stille nøytrale spørsmål.
  3. Stille opne spørsmål.

Klarer du å følgje desse tre, vil du få fram svar som inneheld meir informasjon. Informasjonen er dessutan meir på premissane til den intervjua enn på intervjuarens.

Sawatsky trekkjer og fram sju klassiske feil som kan øydeleggje intervjuet:

  1. Seie noko utan å formulere eit spørsmål. Da gir du frå deg styringa.
  2. Stille fleire spørsmål etter kvarandre før den intervjua slepp til. Da vil du ofte oppleve at han/ho svarer på det siste spørsmålet og ikkje dei andre.
  3. Overlesse spørsmålet med bisetningar og forklaringar slik at hovudspørsmålet blir borte. Da kan du oppleve at den intervjua ikkje heilt får tak i spørsmålet. Det blir for omstendeleg.
  4. Å komme med ei ytring utan at det er formulert som eit spørsmål. Da inviterer du meir til ein samtale enn til eit intervju.
  5. Bruke ladde ord som den intervjua hengjer seg opp i. Da vil han/ho bli meir oppteken av å avvise uttrykka dine enn å opne opp og gi sjølvstendige beskrivingar.
  6. Å overdrive slik at den intervjua kjenner behov for å redusere. Mange vil nyansere eller redusere karakteriseringa di.
  7. Lukke spørsmåla ved å avgrense svaralternativa. Den intervjua kan bli meir passiv og svare på akkurat det han/ho blir spurt om, og ikkje trekkje inn noko meir.