Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

7. Intervjuguiden

Intervjuguiden er ditt eige dokument som samanfattar planen din for kva tema du ønskjer å spørje om i intervjuet. Intervjuguiden er derfor laga med utgangspunkt i tilsynstemaet, tilpassa etter kven som skal intervjuast, og etter kva for opplysningar du sit med etter å ha vore gjennom dokumenta i tilsynssaka.

Intervjuguiden kan innehalde tema eller meir konkret formulerte spørsmål. Dette avheng av kor strukturert du vil at intervjuet skal vere.

La gjerne intervjuguiden innehalde både hovudspørsmåla dine og konkrete oppfølgingsspørsmål. Uansett er du ikkje låst til spørsmåla i guiden. Du kan alltid stille spørsmåla på ein annan måte enn du hadde tenkt før intervjuet starta. 

Det viktigaste verktøyet i intervjuet er likevel ikkje intervjuguiden, men deg sjølv. Intervjuguiden er berre ei støtte. Det er du som er nøkkelen til å få ut mest mogleg relevant informasjon frå personen som blir intervjua.