Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

15. Intervju med barn – utfordringar og tips

Det er fleire utfordringar med å intervjue barn. Barn på same alder kan ha stort spenn i modnad, evne til å reflektere, forklare og grunngi. Dei fleste barn er gode til å beskrive konkret om dei blir stimulerte og tekne på alvor. Barn kan også vere veldig vare for spørsmåla, kva dei trur ut frå settingen kan vere eit riktig svar, og korleis dei trur svara blir tekne imot. Derfor skal du vere ekstra merksam og unngå å stille leiande og for mange lukka spørsmål. Da blir svara meir prega av det barnet trur den vaksne ønskjer å høyre, og av det som er riktig, enn at barnet kjem med sine eigne tankar.

Etableringa av settingen er ekstra viktig overfor barn for å skape ein trygg og føreseieleg situasjon, for å ha klare rammer og ei tydeleg rolle for barnet.

Nokre tips til intervjuet med barn

Overfor barn er det enda viktigare å starte intervjuet på ein trygg og ufarleg måte som gjer at barnet blir varm i trøya. Start med at barnet får fortelje om seg sjølv og kjende ting, før du leier intervjuet inn på dine tema. Hald intervjuet nede på beskrivingsnivået. Gjer det så konkret som mogleg. Er det mogleg å følgje ei tidslinje i intervjuet og i svara, så følg den linja. Det gir barnet fleire haldepunkt for å halde tråden og hugse. Ver meir oppteken av å følgje barnet enn å avbryte og stille dine førehandslaga spørsmål.

Det er viktig å stimulere barnet undervegs ved aktiv lytting. Vis ved både veremåte og opne spørsmål at du er interessert. Still deg i ein undrande, nysgjerrig og naiv posisjon, og forsøk å forstå barnet på barnet sine eigne premissar.

Dei fleste barn er flinkast til å vere konkrete i beskrivingane sine. Det å samanfatte og ha lengre resonnement krev større modnad. For deg som tilsynsperson bør det vere greitt, sidan du er ute etter den konkrete informasjonen der bevisa ligg. Så får du setje denne informasjonen inn i di ramme.

Mange barn kan også vere flinke til å komme med forklaringar. Men det kan av og til bli det dei trur og går ut frå, og ikkje det dei faktisk veit. Enkelte barn er også veldig vare for kviforspørsmål. Dei kan vere vanskelege å svare på. Det går an å omgå dei ved å bruke andre formuleringar. For eksempel: ”Kva trur du du kan oppnå ved å gjere det på den måten?” ”Kva tenkte du på da du gjorde det slik?”

Hypotetiske spørsmål kan også fungere godt overfor barn, for å setje i gang ein prosess: ”Viss du hadde fått bestemme, korleis ville du da at det skulle ha vore?” ”Kva for andre måtar trur du du kan gjere dette på?” Slike spørsmål kan opne opp for at barnet kjem fram med sine vurderingar, som kan følgjast opp.

Unngå ein konfronterande stil når du intervjuar barn. Du bør heller opne opp for at barnet kan tenkje og reflektere rundt temaet. Du kan invitere til det ved å stille spørsmål som for eksempel: ”Kva tenkjer du om dette?” ”Korleis trur du det kan vere?” Slike spørsmål kan bidra til svar som du så kan følgje opp. Så må du skilje ut det som er reine gjettingar, og det som det er hald i.

Overfor barn kan det ofte fungere godt å ha ein indirekte strategi. Viss du går direkte på målet kan det fort blir for leiande.

Når du har gruppeintervju med barn, må du vere merksam på at det kan setje i gang prosessar der barna blir meir opptekne av korleis dei blir oppfatta av dei andre barna, enn å komme ut med sin eigen informasjon. Temaet for intervjuet kan også tilseie, eller til og med krevje, at du intervjuar barn enkeltvis. På den måten kan barna bli tryggare og meir stimulerte til å delta aktivt. Du må vurdere ulemper og fordelar mot kvarandre.

Hugseliste for intervju med barn:

  • Legg ekstra vekt på å etablere ein god og trygg setting.
  • La barnet snakke seg varm om kjende og daglegdagse tema.
  • Still opne og indirekte spørsmål.
  • Ver naiv og undrande i spørsmålsstillinga.
  • Prioriter konkrete beskrivingar framfor vurderingar.
  • Ver forsiktig med kvifor-spørsmåla.