Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

11. Det viktigaste er å lytte

Det viktigaste i eit intervju er faktisk ikkje å stille spørsmål, men å lytte. Ofte er intervjuaren for oppteken av det neste spørsmålet han/ho skal stille, og høyrer ikkje det som blir sagt. Ditt utgangspunkt bør vere at eitkvart svar gir oppfølgingsmoglegheiter. 

Det viktigaste i eit intervju er ikkje å stille spørsmål, men å lytte.

Av og til ser du dei ikkje med ein gong, og da kan det vere greitt å ha eit lite arsenal med naturlege oppfølgingsspørsmål. Men enda viktigare er det å lytte etter om den intervjua kjem med påstandar, argument eller bevis.

Få den intervjua til å ”bevise” påstandane sine

I klassisk retorikk er det snakk om ulike nivå i ei beskriving. Det startar på toppen med ein påstand, deretter tek ein steget vidare til argumenta, og til sist til bevisa. Bevisa er det som er etterprøvbart, og som dermed gir legitimitet til både påstanden og argumenta.

I eit tilsynsintervju skal du alltid ned i bevisa. Mange – ikkje minst leiarar – er dyktige på påstands- og argumentnivået, men kan komme til kort når dei blir bedne om å konkretisere og bevise påstandane sine.

For å kunne ta stilling til om kommunen etterlever lover og reglar, må du ikkje gi deg før den intervjua har underbygd påstandane sine med bevis. Det er bevisa du skal bruke i rapporten din som grunngivingar for konklusjonane og reaksjonane. Kan ikkje den intervjua føre bevis for påstandane sine, svekkjer dette truverdet. Prøver han eller ho å omgå spørsmåla eller la vere å svare konkret, er det også informasjon du kan ta med deg. Alt kan brukast for å vurdere truverdet i påstandane som den intervjua kjem med.

På kva nivå er den intervjua i beskrivingane sine?

  1. Påstand: ”Her er alt i orden”.
  2. Argument: ”Fordi vi har gode system og tett oppfølging av dei tilsette”.
  3. Bevis: ”Her ser du våre skriftlege rutinar som tilsette skal følgje. Sist vi følgde opp tilsette på dette feltet, var i førre veka da vi…..”.

Viss den personen som blir intervjua, kjem med tydelege påstandar og argument, må du få vedkomande til å bevise eller underbyggje påstandane sine.

Ein strategi for å gjere dette er å stille først eit konkret lukka spørsmål som den andre må ta stilling til. For eksempel: ”Er dette bygget eigna for undervisningsformål?” Den intervjua svarer: ”Ja”. Du: ”Kva grunngir du det med?”

Hugs at den intervjua som regel har opplysningsplikt. Sjølv om tilsynsmyndigheita som hovudregel har bevisbøra, er det i mange samanhengar kommunen som må vise at dei følgjer reglane. Dette gjeld der det er krav om at noko skal finnast eller vere gjort. 

Enkle spørsmål som du kan bruke for å få fram bevis, er for eksempel:

  • Kva tenkjer du på da?
  • Kva slags eksempel har du på dette?
  • Kva meiner du med det?
  • Korleis veit du det?
  • Når gjorde de dette sist?
  • Korleis kan de dokumentere dette?
  • Eg treng å gå i djupare inn i dette. Kan du konkretisere?
  • Kva vil det seie i praksis?
  • Kva slags dokumentasjon har de på dette?
  • Dette er det viktig at de kan beleggje. Korleis kan de det?