Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

10. Ulike typar svar: beskrivingar, forklaringar, vurderingar

I intervjuet får du oppfatninga til den intervjua av dei forholda du ønskjer å avdekkje.

Det kan vere utgreiingar om reint faktiske forhold ved verksemda. Eller det kan vere opplevingar og erfaringar hos den intervjua du er ute etter. Svara er subjektive og i utgangspunktet berre gyldige for den personen som blir intervjua. Dei kan ha ein eigenverdi, men også her gjeld det at den intervjua bør vere så konkret som mogleg med omsyn til kva som skapte og utløyste situasjonen og opplevinga. Verdien som bevis aukar jo meir konkret den intervjua er.

Informasjonen du får, kan delast inn i tre nivå:

  1. Beskrivingar: Skal vere så konkrete og faktaorienterte som mogleg, og skal helst kunne etterprøvast. Blir utløyste av spørsmåla kva, kven, kvar, når, kva for, korleis, på kva måte.
  2. Forklaringar: Leiter etter den andre sine forklaringar på samanhengar. Blir utløyste av spørsmåla kvifor, korleis heng dette saman, kva er grunnen til at…, korleis forklarer du dette, kva er grunngivinga for dette… 
  3. Vurderingar: Leiter etter den andre sine vurderingar av samanhengar, praksis, årsaker, konsekvensar mv. Blir utløyste av spørsmåla kvifor, korleis vurderer du, kva tankar gjer du deg, på kva måte ser du at…, kva for konsekvensar har…

Dei tre nivåa kan stillast opp i ein pyramide der vurderingar er på topp, og beskrivingar ligg i botn. Spørsmåla du stiller, vil gi informasjon som kan plasserast i eit eller fleire av dei ulike nivåa.

Formålet med tilsynet avgjer på kva nivå du skal leggje spørsmåla

Som en tommelfingerregel spør du meinigmann om beskrivingar. Leiarar kan du i større grad spørje om forklaringar og vurderingar, ettersom dei sit med eit ansvar for verksemda. Men også når du ønskjer å klatre i pyramiden opp til forklaringar og vurderingar, bør du som hovudregel alltid starte med beskrivinga.

Spørsmåla kva, kven, kvar, når, kva for og korleis skal som hovudregel stillast før spørsmåla kvifor. Vurderingar er det siste trinnet. Det kan for enkelte opplevast som dei kjem i forsvarsposisjon. Det går ofte meir smertefritt å komme inn på dette når de først har vore gjennom beskrivingar og forklaringar.