Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

1. Intervju krev teknikk og trening

Det munnlege intervjuet er ved sida av skriftlege dokument ei hovudkjelde til informasjon i tilsynet. Det er på mange måtar den mest krevjande kjelda.

Dokumenta krev at du er merksam, veit kva du skal sjå etter, og er i stand til å vurdere dette opp mot det som skal kontrollerast. I intervjuet er du sjølv ein nøkkel til å skaffe den informasjonen du skal vurdere. Er intervjuet lite gjennomtenkt og dårleg, kan det føre til at du ikkje får den informasjonen du treng for å vurdere om praksis er i samsvar med lovkrava.

I intervjuet er du sjølv ein nøkkel til å skaffe den informasjonen du skal bruke i tilsynet.

Det er fleire feil ein intervjuar kan gjere:

  • stille for lukka spørsmål som avgrensar for mykje den personen som blir intervjua
  • stille ladde spørsmål som forstyrrar han/ho som blir intervjua
  • lytte for dårleg
  • ikkje følgje opp svara
  • ikkje utfordre nok den personen som blir intervjua

I tilsyn er det spesielt viktig at personen som blir intervjua, er så konkret i svara sine at du kan bruke informasjonen som bevis når du skal vurdere om det er lovleg.