Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

14. Gruppeintervjuet kan vere utfordrande å gjennomføre

Førebuing til eit gruppeintervju

Du bør gjere deg opp ei meining om kven som kan intervjuast saman. Hovudregelen er at personar bør i utgangspunktet vere på same nivå og ha tilsvarande roller. Du bør sikre deg dette før deltakarane er samla. Deltakarane bør også i forkant ha fått informasjon om formål, prosess og rammer for gruppeintervjuet slik at dei er mentalt førebudde på det som møter dei. Lag ein intervjuguide. Legg i utgangspunktet opp til eit semistrukturelt intervju med opne spørsmål.

Setting og framgangsmåte ved gruppeintervju

Eit gruppeintervju fungerer ofte godt med fire-seks personar. Unngå å vere fleire enn åtte. Da blir enkelte ofte passive.

Det er viktig at arrangementet er slik at alle føler seg likeverdige og sett. Det beste er at de sit i ein sirkel, anten ved eit rundt bord eller på stolar i ein sirkel utan bord (sjølv om det av og til kan gi galne assosiasjonar). Ver minst to personar og fordel roller mellom dykk. Den eine har regien og dei andre supplerer.

Etablering av settingen og innleiinga på gruppeintervjuet

Hels på alle. Bruk blikkontakt slik at alle føler seg sett. Beskriv på nytt formål, rammer og korleis gruppeintervjuet skal gå føre seg. Be om spørsmål til prosessen. Forklar korleis intervjua skal brukast. Legg spesielt vekt på å skape tryggleik og få fram at ingen av dei som skal intervjuast, blir siterte eller namngitte direkte i rapporten. Ha ein kort introduksjonsrunde der deltakarane kort får seie litt om seg og si rolle. Dette er både for å gi deg informasjon om kven dei er, men like mykje for å få deltakarane i gang og varme.

Gi så ein tydeleg instruksjon rett før sjølve intervjuet skal starte. ”Det er dine oppfatningar, erfaringar, forklaringar og vurderingar vi vil at du fortel om. Det kan vere at de har ulike oppfatningar og erfaringar. Det er normalt og heilt i orden. Ikkje hald tilbake det du tenkjer fordi du tenkjer at dette ikkje stemmer med det andre har sagt, eller ikkje er interessant for oss. Vi vil også gjerne at du gjer det så konkret som mogleg og kjem med eksempel og situasjonar.

Temaet er… Det vil seie at vi ønskjer at du skal fortelje om…”

Undervegs i gruppeintervjuet

Start med ufarlege spørsmål som er etter måten allmenne og be om ei beskriving. Ta rundar i gruppa slik at alle får uttrykt noko på kvart tema. Viss enkeltpersonar dominerer, varier kvar du startar rundane. Legg i utgangspunktet opp til eit semistrukturelt intervju med klare tema, men følg samtalen mellom deltakarane. Tømm kvart tema før du går vidare.

Også her kan du bruke trakta: Start med opne spørsmål, be så om konkretiseringar og avslutt med konkluderande spørsmål som du vil at deltakarane skal ta stilling til.

Unngå at enkeltpersonar tek for mykje plass og fargelegg situasjonen så mykje at det går ut over andre. Enkelte treng å tenkje seg om lenger enn andre. Viss det er tilfellet: Be om at deltakarane tenkjer seg litt om når du introduserer eit nytt tema, før du tek ein runde med alle. Varier kvar du startar runden. Etter at runden er gjennomført, kan du la ordet gå friare. Når nokon kjem med påstandar, be igjen om konkretiseringar og eksempel.

Start med beskrivingar, så erfaringar, forklaringar og vurderingar. I gruppeintervju kan av og til løysingsorienterte spørsmål vere nyttige for å setje i gang ein prosess. For eksempel:

  • På kva andre måtar kunne du ha gjort dette?
  • Kva kunne vore betre eller annleis viss du skal foreslå noko?

Når du avrundar gruppeintervjuet

Ta ein runde blant deltakarane og spør korleis dette har vore. Har dei noko dei ønskjer å leggje til? Kva har de ikkje vore innom som vi kunne ha brukt tid på? Korleis svarte dette til forventningane?

Fortel igjen kort korleis dette vil bli handtert vidare, før du takkar for deltakinga.