Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova

6. Du må leggje ein plan

Når du skal intervjue, må du først leggje ein plan. Du må tenkje gjennom kva du vil oppnå med intervjuet – og korleis du skal få det til.

  • Kva er formålet med tilsynet, og korleis kan intervjuet brukast for å avdekkje den informasjonen du leiter etter?
  • Kva skal avdekkjast heilt konkret?
  • Kva slags type informasjon leiter du etter? (Beskrivingar, forklaringar eller vurderingar?)
  • Kven skal intervjuast, og i kva rekkjefølgje?
  • Skal du intervjue enkeltvis eller i grupper?
  • I sjølve intervjuet: Skal du gå rett på sak, eller skal du gå fram meir indirekte?
  • Kva for spørsmål skal du stille, og korleis skal du formulere dei?

Det er mykje å passe på samtidig i eit intervju. Du skal handtere relasjonen, lytte aktivt, forstå kva som blir sagt og kva meining det har, notere deg kva som blir sagt, avgjere kva du må følgje opp, og kanskje også om du skal bryte inn eller følgje personen som blir intervjua.

Det er som regel mykje lettare å gjennomføre gode, målretta og konkrete intervju når du først har sett deg inn i relevante dokument i tilsynssaka. Gjennom dokumenta får du ofte informasjon som du ønskjer å følgje opp i intervjua.

For at det ikkje skal bli for mykje for deg, må mest mogleg vere kjent på førehand. Du må vere trygg på tema, lovverket og kva du leiter etter av fakta og dokumentasjon. Du bør kjenne verksemda, og du bør ha tenkt gjennom intervjuet på førehand, slik at du står best mogleg rusta når du står i situasjonen.

Rekkjefølgja på intervjua må med i planen

Rekkjefølgja på intervjua når du skal ha fleire intervju, er eit strategival.

Ein del startar på toppen i organisasjonen og går nedover fordi dei har ei meining om at dette er praktisk og nyttig. Det er likevel eit paradoks i dette, ettersom både leiarane og du ofte vil mangle konkrete fakta/bevis som kan vere nyttige å trekkje inn i intervjuet. Bevisa, som viser at reglane ikkje blir følgde, får du ofte når du intervjuar arbeidstakarar som står for praksisen. Det kan vere at du oppdagar forhold som du gjerne skulle ha konfrontert leiinga med.

Ein mogleg framgangsmåte er å starte og slutte med leiinga. Ei anna moglegheit er å intervjue éin av leiarane og så gå ned på ”golvet” og intervjue seg oppover i hierarkiet.

Enkeltvise eller gruppeintervju

Om du vil intervjue personar enkeltvis eller i grupper, er også eit strategival. Gruppeintervju gir fleire moglegheiter, men har også fallgruver. 

Det kan ha ulike formål å samle fleire til eit felles tilsynsintervju. For eit tilsynsintervju er alltid formålet å innhente informasjon og bevis, og ikkje at deltakarane skal snakke saman, lytte til kvarandre, utveksle synspunkt eller skape ei felles forståing. 

Fordelane med eit gruppeintervju er at intervjuaren sparer tid, det gjer ikkje den personen som blir intervjua. Eit godt gruppeintervju kan bidra til ein prosess der deltakarane stimulerer kvarandre. Det kan, viss ting blir gjort riktig, også skape auka tryggleik. For tilsynspersonane kan også reaksjonane og den nonverbale informasjonen frå dei som blir intervjua, vere nyttig. Du kan fange opp relasjonar og alliansar i gruppeintervjuet. 

Gruppeintervjuet fører med seg fleire utfordringar. Det er meir krevjande å styre eit gruppeintervju enn eit intervju med éin person. Det er meir springande, og det er meir informasjon tilgjengeleg. Det kan derfor vere krevjande å få med seg alt. Viss prosessen blir dominert av enkeltpersonar, kan andre i gruppa halde tilbake sine tankar. Dei kan også tilpasse si framstilling til den framstillinga dei andre har.

Derfor er det viktig at alle blir sett og høyrt, og at taletida blir fordelt nokolunde jamt. Enkeltpersonar kan også bli bekymra for korleis det dei seier kan bli oppfatta av andre og følgt opp internt. Har du ein mistanke om dette, bør du intervjue personane enkeltvis. Du bør også som hovudregel unngå å ha personar på ulike nivå i verksemda i same gruppeintervju.

Eit gruppeintervju vel du derfor når du går ut frå at fordelane meir enn veg opp ulempene.