Tilskot til læremiddel

Søk om tilskot til å utvikle læremiddel for skole og pedagogisk materiell for barnehage på område som det ikkje er ein kommersiell marknad for.

Ramme for 2020 vil vere på om lag 109 millionar kroner.

Søknadsfrist er 31. august 2020.

Fire ulike kategoriar

Tilskotsordninga gir støtte til læremiddel/pedagogisk materiell innanfor fire ulike kategoriar:

I søknadsbehandling vil midlane bli fordelt slik mellom dei ulike kategoriane:

  • 30 til 45 millionar til smale fagområde
  • 25 til 35 millionar til læremiddel/pedagogisk materiell for språklege minoritetar
  • 25 til 35 millionar til særskilt tilrettelagde læremiddel/pedagogisk materiell
  • inntil 10 millionar til parallelle utgivingar

Med atterhald om justeringar.

Kven kan søke?

Offentlege og private verksemder som oppfyller dokumentasjonskrava kan søke om støtte.

Verksemder som får finanisering over statsbudsjettet til produksjon av læremiddel kan ikkje søke.

Privatpersonar kan ikkje søke.

Er verksemda di registrert utanfor Noreg? Ta kontakt før du søker.

Krav til søknaden 

  • Søkar skal stå for drifta og vedlikehaldet av digitale komponentar i minst fem år frå dei er tilgjengelege. Trykte læremiddel og pedagogisk materiell skal òg vere tilgjengelege i minst fem år frå dei er produserte. Drift, vedlikehald og tilgjengelegheit utgjer eigendelen i prosjektet.
  • Søkar må ha tilstrekkeleg og relevant kompetanse i prosjektgjennomføringa. Prosjektgruppa må i sum ha kompetanse som er fagspesifikk, pedagogisk/didaktisk og teknisk, samt ha kompetanse i pedagogisk bruk av IKT.
  • Søkar må levere prosjektbudsjett på oppsett mal i sin søknaden der søkt tilskot, eigendel og eventuelle andre tilskot er oppgitt.
  • For autentisering og tilgjenge til person- og gruppeinformasjon er det eit krav å nytte seg av Feide eller Nye Feide. Nye Feide er sterkt tilrådd som løysing.
  • Digitale læremiddel/pedagogisk materiell skal gjere bruk av alminneleg godkjende og opne standardar.
  • Dei digitale komponentane skal som eit minimum fungere for dei mest brukte operativsystema for alle digitale einingar innanfor sin kategori: anten for smarttelefonar, nettbrett eller PC/Mac.
  • Sluttbrukar skal kunne ta i bruk digitale komponentar utan å bruke spesielle lisensbaserte tenester eller abonnement frå tredjepart. Dette betyr at brukaren kan nytte innhald og funksjonalitet i læremiddelet utan å måtte kjøpe andre tenester.
  • Læremiddel skal merkast i samsvar med norsk standard NS 4180:2020 Læringsteknologi - Metadata for læringsressurser der utdanningsspesifikke eigenskapar i kap. 5.2.2 fyllast ut med referansar til Grep (den nasjonale læreplandatabasen for grunnopplæringa).
  • Det skal brukast tekniske løysingar som gjer det mogleg å leggje til rette for omsetting til samisk. 
  • Søkaren skal, utan vederlag, sørge for å overlate innhald i elektronisk form til statlege produsentar av tilrettelagde utgåver til synshemja og lesehemja eller til personar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon. Læremiddelet/det pedagogiske materiellet skal oppfylle krav til universell utforming, jf forskrift om universell utforming av IKT-løsninger.
  • Læremiddelet/det pedagogiske materiellet skal utviklast i samsvar med likestillingslova; det skal fremje likeverd, hindre diskriminering og ta omsyn til det fleirkulturelle samfunnet.

For læremiddel gjeld følgande:

  • Læremiddelet tilfredsstiller definisjonen av læremiddel i gjeldande lovverk jf. forskrift til opplæringslova. Det vil seie at det er utvikla til bruk i opplæringa og dekkjer heile eller deler av kompetansemåla i læreplanverket.

For alle digitale produkt gjeld følgande:

Søkar kan bli beden om å sende inn dokumentasjon på at dei oppfyller kriteria før, under eller etter søknadsbehandling.

Utdanningsdirektoratet krev at følgande dokumentasjon kan leggast fram ved stikkprøvekontroll: 

  • Firmaattest frå Brønnøysundregistera, eller tilsvarande attest frå fagleg register frå det landet du er registrert.
  • Attest for betalte skattar og avgifter som ikkje er eldre enn seks månader.
  • Søkar må ikkje vere i pågåande gjeldsakkord eller konkursforhandlingar, og må ha ei finansiell stilling som gjer det mogleg å oppfylle oppdraget. Aktuell dokumentasjon:
    • Søkar si siste årsberetning til Brønnøysundregistera og nyare opplysingar som har relevans med omsyn til rekneskapstala til søkaren.
    • Søkar sin årsrekneskap eller utdrag av dette.
    • Erklæring om søkar si omsetning dei siste åra som har betydning for dette oppdraget.
  • Søkar skal vere tilstrekkeleg fagleg og organisasjonsmessig kvalifisert til å oppfylle oppdraget. Generell informasjon om søkar som kan vere aktuell å innhente: organisasjonsplan, årsrapport, talet på tilsette, brosjyrar og annan relevant informasjon.

Nyoppretta foretak kan vise fram ei erklæring om drifta frå revisor til erstatning for årsrekneskap, årsberetning og omsetning dei siste åra.

Søkarar frå offentlege instansar er unnateke frå kravet om å dokumentere den økonomiske og finansielle stillinga si. Dette må grunngjevast skriftleg.

Vurdering av søknadar – generelle prioriteringar 

Alle søknadar vert vurderte etter i kva grad dei møter prioriteringane. For ordninga gjeld nokre prioriteringar på tvers av kategoriar, samstundes som kvar enkelt kategori har eigne prioriteringar. For alle kategoriar vil vi, i ikkje-prioritert rekkefølje, vektleggje:

  • rask realisering av prosjekta. Læremiddel blir utvikla til nye læreplanar som blir gradvis innført. Implementeringa av nye læreplanar følger denne framdriftsplanen: 
    • 2020/2021: 1. - 9. trinn + Vg1
    • 2021/2022: 10. trinn + Vg2
    • 2022/2023: Vg3
      For å sikre tilfang av læremiddel for dei læreplanane som skal takast i bruk først, prioriterer vi læremiddel for 1.-10. trinn, Vg1 og Vg2. I vurdering av søknadane vil vi leggje vekt på kor raskt prosjektet kan realiserast slik at læremidla blir tilgjengelege for bruk.
  • læremiddel av høg pedagogisk og didaktisk kvalitet. Prosjektet blir vurdert etter korleis søknaden viser at læremiddelet tek omsyn til intensjonane i læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (fagfornyinga). Søknaden bør seie noko om relasjonen til overordna del. Kjerneelement i fag, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter, progresjon og vurdering er sentrale element innanfor kvar enkelt læreplan. I søknaden bør det framgå korleis prosjektet skal ta omsyn til desse elementa.
  • læremiddel med digital nyskaping og innovasjon på faget sine premissar. Vi prioriterer digitale læremiddel framfor trykte. I søknaden bør det fremgå korleis prosjektet skal nytte digitale moglegheiter som er tilpassa læremiddelet. Søknaden bør synleggjere korleis dei digitale vala støttar opp om den faglege og didaktiske idéen i læremiddelet.

For pedagogisk materiell til barnehage vil vi vektleggje:

  • pedagogisk materiell som tek omsyn til formålet til rammeplan for barnehagen. Søknaden bør seie noko om relasjonen til barnehagen sitt verdigrunnlag, barnehagen sine arbeidsmåtar og aktuelle fagområde i rammeplanen.
  • pedagogisk materiell med digital nyskaping og innovasjon på rammeplanen sine premisser. I søknaden bør det framgå korleis prosjektet skal nytte digitale moglegheiter som støttar opp om den pedagogiske og didaktiske idéen i materiellet. 

Lenker som kan vere nyttige i søknadsprosessen:

For læremiddel:
Støttemateriell om overordna del, kompetansebegrep og djubnelæring

Kva er nytt i læreplanverket?

For pedagogisk materiell:

Rammeplan for barnehagen

Budsjettavgrensingar

Sjølv om eit prosjekt oppfyller dei absolutte krava og får ei godkjend vurdering, er det ikkje gitt at det vil få tilskot. Utdanningsdirektoratet har ei budsjettramme for tilskot til læremiddel og kan ikkje overskride denne. I 2020 er ramma for tilskotet på om lag 109 millionar kronar.

I søknadsbehandlinga gjer vi ein heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane der også budsjett er ein del av vurderingsgrunnlaget. Viss summen av prosjekt som er kvalifiserte til tilskot overskrid ramma, vil vi prioritere prosjekta ut frå vurderingskriteria. Somme prosjekt som kunne fått tilskot, vil på dette grunnlaget få avslag.

Om prosjektet ditt blir prioritert og får støtte, får du tilsendt eit tilskotsbrev. I tilskotbrevet går det fram kva for plikter og rettar tilskotsmottakar har. I tillegg til krav stilt som lov-/forskriftskrav og absolutte krav til søknaden, gjeld dette:

  • Tilskotsmottakar skal rapportere om status, framdrift og rekneskap undervegs og ved ferdigstilling. Ved sluttrapportering skal prosjektrekneskapen attesterast av statsautorisert eller registrert revisor.
  • Det må gå fram at læremiddelet/det pedagogiske materiellet er utarbeida med støtte frå Utdanningsdirektoratet.
  • Søkaren er forplikta til å dele erfaringane med utviklinga av læremiddel med andre læremiddelutviklarar.
  • Tilskotsmottakar har ansvar for at val av teknologi og driftsløysingar gir eit læremiddel som oppfyller aktuelle lov-/forskriftskrav. Det er krav til oppetid, backup og tilgjengelegheit på tvers av operativsystem/plattformer.
  • Tilskotsmottakar og eventuelle samarbeidspartnarar har opphavsretten og dei immaterielle rettane til læremiddelet/materiellet.

Øvrige vilkår som vil gå fram av tilskotsbrevet (ligg føre på bokmål):

  • Utdanningsdirektoratet gis en ikke-eksklusiv rett til vederlagsfritt selv, eller ved bruk av andre, å oversette innholdet i læremiddelet til samisk, og til vederlagsfritt å mangfoldiggjøre og tilgjengeliggjøre den samiske versjonen av læremiddelet i et hvert medium og i enhver form, herunder, men ikke begrenset til, internett.
  • Utdanningsdirektoratet gis en ikke-eksklusiv rett til vederlagsfritt selv, eller ved bruk av andre, å tilrettelegge innholdet i læremiddelet til synshemmede, lesehemmede eller til personer med behov for alternativ supplerende kommunikasjon, og til vederlagsfritt mangfoldiggjøre og tilgjengeliggjøre den tilrettelagte versjonen av læremiddelet i et hvert medium og i en hver form, herunder, men ikke begrenset til, internett.  
  • Ved eventuell konkurs, eller hvis tilskuddsmottaker etter tilskuddsperioden ikke lenger ønsker å videreføre læremiddelet, skal eiendomsretten til prosjektet med tilhørende materiale og alle opphavsrettigheter samt data, grunnlagsmateriale mv. som er nødvendig for videre drift, vedlikehold, videreutvikling og oppdatering overdras vederlagsfritt til Utdanningsdirektoratet. Dette gjelder både for trykte og digitale komponenter, samt konkretiseringsmateriell.

Mål med ordninga

I retningslinene for ordninga går det fram kva som er målet med tilskotet (bokmål):

Formålet med tilskuddsordningen er å bidra til at det blir utviklet og produsert nødvendige læremidler på områder der det ikke er markedsgrunnlag for det:

  • Smale fagområder
  • Særskilt tilrettelagte læremidler
  • Læremidler for språklige minoriteter

Les meir i retningslinene for tilskotsordninga (pdf)

Spørsmål om tilskotsordninga kan rettast til Julie-Kathrine Skoglund eller Ragnhild Daae Bekkevoll. Du finn kontaktinformasjon på denne siden.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!