Tilskot i kategorien læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar

Generell informasjon, prioritering for utlysinga i 2022 og søknadsskjema.  

Læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar er eit av fire område innanfor tilskotsordning for utvikling av læremiddel på område utan marknadsgrunnlag. Prioritering for område heng saman med dei andre områda i ordninga.

Absolutte krav, lov-/forskriftskrav og annan generell informasjon finn du i utlysinga av ordninga.  

Generell informasjon om læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar

Ordninga gjeld for innvandra minoritetsspråk. Du kan søke om tilskot til å produsere læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell tilpassa gjeldande læreplanverk eller rammeplan for barnehagen.

Vi prioriterer prosjekt der det finst ei lærarrettleiing og/eller ei brukarrettleiing som viser korleis læraren kan bruke det pedagogiske barnehagemateriellet/læremiddelet.

Fleirspråklege barn og unge er ei heterogen gruppe med ulik kulturell og språkleg bakgrunn. Vi prioriterer prosjekt som støtter opp om og bygger på det språklege og kulturelle mangfaldet i gruppa. For barnehageprosjekt prioriterer vi prosjekt som støttar opp om lek og læring i barnehagen.

Læremiddel som støttar tospråkleg opplæring, legg til rette for djupnelæring og som stimulerer til utforsking, kreativitet og problemløysing alene og saman med andre, vil bli prioritert.

Elevar med ulik språkbakgrunn kan ha ulike utfordringar med å lære norsk. Læremiddel i grunnleggjande norsk som tar omsyn til dette vil bli prioritert.

Nokre elevar som kjem inn seint i skoleløpet og har kort skolebakgrunn, vil i ein periode ha behov for alderstilpassa opplæring i kompetansemål på lågare trinn enn det alderen tilseier . Dei har samstundes behov for rask progresjon slik at dei så tidleg som mogleg kan delta i opplæring på sitt trinn. Vi prioriterer prosjekt som tek omsyn til desse behova.

Prioriteringar for 2022

Vi vektlegg, i ikkje-prioritert rekkjefølgje, prosjekt som er retta mot både barnehage eller skole.

For barnehage:

  • Omsetje trykte barnebøker for barnehagebarn. Flerspråklege bøker der både norsk og minoritetsspråket er brukt parallellt, er også prioritert.
  • Materiell som støtter arbeidet med fagområdet etikk, religion og filosofi i barnehagen.

For skole:

  • Læremiddel i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar (NOR07-02) for elever på barnetrinnet, herunder grunnleggjande lesing og skriving for elever som kan lite norsk. Vi prioriterer prosjekt der læremiddelet vil ligge føre på både bokmål og nynorsk.
  • Læremiddel i matematikk (MAT01-05) for nyankomne elevar med kort skolebakgrunn på 5.-7. trinn
  • Læremiddel i kristendom, religion, livssyn og etikk (RLE01-03) - alle trinn
  • Læremiddel til yrkesfagleg vidaregåande opplæring. Vi prioriterer læremiddel for bygg- og anleggsteknikk og restaurant og matfag.
  • Tilrettelegging/vidareutvikling av eksisterande læremiddel slik at dei støtter minoritetsspråklege elever. Søknaden må vise korleis prosjektet skal støtte læring for minoritetsspråklege elevar i eigne grupper eller i samanholdte klassar.

Vi prioriterer læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell som gir støtte på fleire av språka arabisk, tigrinja, somali, kurdisk kurmanji, dari, pashto, tyrkisk, polsk og swahili.

Særskilte krav

Digitale komponentar skal ha moglegheit for å leggje til rette for nye språk der ulike alfabet og skriveretningar blir tatt omsyn til. Digitale komponentar skal innehalde brukarrettleiingar som skildrar handteringa av ulike alfabet og skriveretningar, og dei skal ligge føre på norsk og morsmål.

Søknadsskjema 

Søknadsskjema for pedagogisk barnehagemateriell

Søknadsskjema for læremidler

Frist: 29.april 2022.

Dersom du har spørsmål om tilskot til læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar, ta kontakt med laremiddel@udir.no.