Tilskot til særskilt tilrettelagde læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell

Generell informasjon om særskilt tilrettelagde læremiddel/pedagogisk materiell

Vi gir støtte til digitale, trykte og fysiske læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell som har særskild tilrettelegging. Hovedmålgruppa for området er barn med behov for spesialpedagogisk hjelp og elevar med behov for individuell tilrettelagt opplæring.

Det pedagogiske barnehagemateriellet/læremiddelet skal brukast i eit inkluderande læringsmiljø. Produkt som legg til rette for ulike særskilde opplæringsbehov vil bli prioritert. Vidare prioriterer vi prosjekt der det finst ei lærarrettleiing/brukarrettleiing som viser korleis pedagogen kan bruke produktet for å inkludere barn og unge med særskilde behov i opplæringa. 

Vi gir ikkje støtte til å oppfylle WCAG-kravene for eksisterande plattformar. jf. forskrift om universell utforming av IKT-løsninger.

Søkar må i søknaden tydeleg skildre og konkretisere den særskilde tilrettelegginga ut over krava til universell utforming.

Få oversikt over regelverk og krav til universell utforming hos uutilsynet.no.

Vi gir også støtte til trykte og fysiske læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell som har særskild tilrettelegging.

Prioriteringar for 2026

For barnehage

I årets utlysning prioriterer vi lekbasert barnehagemateriell for barn som har behov for særskild tilrettelegging i sosial deltakelse, samspel og kommunikasjon med andre.

Materiellet kan vere fysisk, digitalt eller en kombinasjon. Ved digitale materiell er det ein fordel at materiellet inneheld forslag til kva slags fysiske gjenstandar som kan brukast i aktivitetane. I år er ikkje spesifikke fagområde i rammeplanen prioritert.

For skole

Prioriteringane er lista i ikkje-prioritert rekkefølge.

  • Læremiddel som støttar leseutvikling og fremmer leseglede med nivådifferensiert innhald retta mot elevar med behov for særskilt tilrettelegging. Eleven skal kunne velje innhald på ulike nivå som passar til eleven sin faktiske alder. Vi prioriterer læremiddel som tar i bruk skjønnlitteratur og/eller sakprosa. Læremiddelet kan vere på bokmål/nynorsk (jf. føresegn i opplæringslova) og/eller på engelsk.

  • Læremiddel innanfor eit eller fleire av dei tverrfaglege temaene som støtter praktisk læring på 5. til 10.trinn. Læremiddelet må bidra til at elevar med behov for særskild tilrettelegging kan delta aktivt i eit inkluderande læringsfelleskap. 

For begge prioriteringane kan læremidla vere trykte/fysisk, digitale eller ein kombinasjon.

Søknadsskjema

Søknadsskjema for særskild tilrettelagt læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell 

Rapporteringsskjema
Undervegsrapport
Sluttrapport

Frist: 20. mars 2026

Dersom du har spørsmål om tilskot til kategorien særskild tilrettelagte læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell, ta kontakt med laremiddel@udir.no.

Særskilt tilrettelagde læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell er ein av fire område innanfor tilskotsordning for utvikling av læremiddel på område utan marknadsgrunnlag. Formelle krav, lov-/forskriftskrav og annan generell informasjon finn du i utlysinga av ordninga. 

Prioritering for området heng saman med dei andre områda i ordninga: