Tilskot i kategorien smale fagområde

Generell informasjon, prioritering for utlysinga i 2022 og søknadsskjema. 

Smale fagområde er eit av fire område innanfor tilskotsordninga. Prioritering for området heng saman med dei andre områda i ordninga.

Absolutte krav, lov-/forskriftskrav og annan generell informasjon finn du i utlysinga av ordninga

Generell informasjon om smale fagområde

Med smale fag meiner vi fagområde med færre enn 3000 elevar på landsbasis i årskullet.

Gjennom innføringa av nytt læreplanverk er det vanskeleg å føreseie elevtal. Spesielt er det vanskeleg å seie noko om talet på elevar og lærlingar per år for utdanningsprogram, programfag, særløpsfag og lærefag som er nye. Udir går god for at dei faga som er prioritert i utlysinga dette året er innanfor gjeldande elevtalsgrenser.

Læremiddel i kategorien smale fagområde skal ligge føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. For årskull under 300 elevar kan læremiddelet givast ut som ei fellesspråkleg utgåve med 60 prosent av teksten på nynorsk og 40 prosent på bokmål, eller omvendt.

Prioriteringar for 2022

Du kan søke om støtte til å produsere nye læremiddel eller om revisjon av eksisterande læremiddel.

For revisjon og for nye læremiddel prioriterer vi:

Søknader som ikkje er knytt til eit fag eller fagområde som er lista i reknearket, er i utgangspunktet ikkje prioritert. Om du likevel søker for eit ikkje-prioritert fagområde eller fag, må du gjere greie for særskilde grunnar til at fagområdet eller faget bør bli prioritert.

Læremiddel i kvensk og finsk som andrespråk

Læremiddel til læreplanen i kvensk eller finsk som andrespråk (KEF01-01) har ei øyremerkt pott. I 2022 vil Udir gje inntil 2,5 millionar kronar til slike prosjekt.

Vi prioriterer læremiddel som er:

  • tilpassa 8.-10. trinn
  • laga for begge språk

Prosjekt for andre trinn og/eller med innhald på berre eit språk vil vere støtteberettiga, men har lågare prioritet. Om det ikkje finst kvalifiserte prosjekt for kvensk eller finsk, vil pengane ikkje tilfalle andre smale fag. Dei vil nyttast til andre prosjekt som støtter opp om kvensk og finsk i opplæringa.

I arbeid med søknad for læremiddel til smale fag er det ein føresetnad at søkar gjer bruk av dei læreplanane eller utkasta som er tilgjengelege. Sjå udir.no for informasjon:

Søknadsskjema

Søknadsskjema for smale fag

Frist: 29. april 2022

Dersom du har spørsmål om tilskot til smale fag, ta kontakt med laremiddel@udir.no

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!