Tilskot til parallelle utgivingar av læremiddel

Fag med mellom 300 og 10 000 elever i årskullet er rekna for å ha eit avgrensa marknadsgrunnlag for utvikling av læremiddel. Læremidla kan delfinansierast med tilskott til parallelle utgivingar.

Støtte går til produksjon av parallelle utgivingar i fag med mellom 300 og 10 000 elevar i årskullet. Ref. forskrift til opplæringslova § 17-2 kjem ikkje læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del inn under kravet til språkleg parallellutgåve. Det vil for eksempel kunne gjelde læremiddel i framandspråk.

Prosjekt som allereie har teke imot tilskot frå tilskotsordninga, og som er under utvikling, kan ikkje søke.

Smale fagområde er eit eige område i tilskotsordninga, og gjeld for fag med færre enn 3 000 elevar i årskullet. Prosjekt innanfor smale fagområde skal budsjettere med utgivingar på begge målføre. For fag med færre enn 300 elevar i årskullet skal læremiddelet vere ei fellesspråkleg utgåve.

Kostnadar til parallelle utgivingar er satsbasert

For å rekne ut summen på tilskotet, bruker du mal for parallelle utgivingar.

   Last ned rekneark (excel)

I malen blir tilskotet rekna ut basert på nøkkelinformasjon om læremiddelet

  • elevar i årskullet
  • teikn (med mellomrom) i læremiddelet

Format og design på læremiddelet har noko å seie for kor omfattande arbeidet med ei parallell utgåve er. I reknearket finst det difor ulike kategoriar med ulik sats. Du skal bruke den kategorien som passar til ditt læremiddel. Læremidla er delt inn i:

  • Digitalt læremiddel som e-bok: Digital utgåve av eit læremiddel som er utvikla for trykk. Den digitale utgåva speglar innhaldet frå den trykte utgåva utan digital tilpassing i særleg grad. Døme på plattformar som tilbyr slike læremiddel er brettboka, smart bok, unibok og d-bok.
  • Digitalt innfødt læremiddel: Læremiddel som ikkje er utvikla for trykk. Læremidla er multimodale og har innhald i ulike format, som til dømes tekst, lyd, bilete, film og oppgåvemodular/quiz.
  • Trykt læremiddel.

Berekning av sats tar mellom anna utgangspunkt i honorarsatsar frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO).

Sjå skjermvideo for ein meir detaljert forklaring av innhald og bruk av malen. Merk at skjermvideoen er laga med ein lågare sats enn den du finn i malen. Satsen er auka i tråd med gjeldande honorarsats frå NFFO pr. 1. juli 2023.

Søk om refusjon

Læremiddel som er kvalifisert innanfor ordninga kan søke refusjon så snart læremiddelet er tilgjengeleg.

Du fyller inn informasjon om ditt læremiddel i refusjonsskjema. Merk at du i skjema skal laste opp dokumentasjon frå revisor. Det er eit vilkår at rekneskapen er revidert av statsautorisert revisor. Rettleiing for revisjon av satsbasert støtte er tilgjengeleg i refusjonsskjemaet.

Tildeling skjer årleg i juni månad, samstundes som prosjekt innanfor dei andre områda i tilskotsordninga blir innvilga. Kvalifiserte parallelle utgivingar vil bli prioritert for tildeling i den rekkefølgja vi har motteke komplett utfylte refusjonsskjema. 

Avgjerda om kor mange prosjekt som får refusjon innanfor ei tildeling heng saman med søking innanfor dei andre områda. Dersom det ikkje finst budsjettmiddel til å dekkje alle parallelle utgåver som er registrert for refusjon innanfor ei tildeling, blir læremiddelet ståande i kø til neste tildeling.

Vi prioriterer digitale læremiddel. Om du krev refusjon for eit læremiddel som finst i både trykt og digital utgåve, kan refusjonen bli todelt. Ved stor oversøking vil vi i fyrste omgang refundere utgiftene til den digitale utgåva. Restsummen som er knytt til den trykte utgåva vil bli ståande i kø til ei framtidig tildeling. Om den trykte utgåva har stått i kø i fire år utan å bli refundert, vil refusjonskravet falle frå.

Dersom det ikkje finst fleire prosjekt i refusjonskøa, vil vi opne eit skjema for søking til parallellutgiving av læremiddel som er under utvikling eller som er ferdigstilt på berre ei målform. Dette skjemaet vil vere ope i minst seks veker.

Skjema for refusjon

Her finn du refusjonsskjema for parallelle utgivingar 

Dersom du har spørsmål om tilskot til parallelle utgivingar, ta kontakt med laremiddel@udir.no