Budsjettmal – tilskot

I søknadsskjema skal du leggje ved utfylt budsjettmal. Sjå skjermfilm for bruk av budsjettmal, samt informasjon om rekneskap og timelistar. Merk at bruken av rekneskap og timelister frå malen er frivillig. Om din verksemd har eit eige system for registrering som tar hand om krava til føring av timar og rekneskap, kan de nytte dette.

Budsjettmal for tilskot etter timeforbruk og/eller eksterne kostnadar

Merk at skjermvideo er frå 2022. Mindre justeringar gjer at 2024-malen ikkje er identisk med reknearket i skjermvideoen.

Last ned budsjettmal for tilskot etter timeforbruk og/eller eksterne kostnadar – 2024-versjon (xls)

Budsjettmal til prosjekt for språklege minoritetar

Om du skal søke om midlar til eit prosjekt for språklege minoritetar, skal du nytte ein skreddarsydd budsjettmal.

I 2024 har budsjettmal for læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar to delar:

  • tilskot rekna ut etter timeforbruk/ekstern kostnad for nytt innhald eller produkt
  • satsbasert tilskot for innhald som skal omsetjast til eit eller fleire språk

I søknadsskjema skal du oppgi om du skal omsetje, nyutvikle eller gjere begge delar. Svaret ditt vil avgjere korleis du skal nytte budsjettmalen. Merk at fana som gjeld tilskot etter timeforbruk/ekstern kostnad har same oppsett som for andre prosjekt i ordninga. Sjå skjermvideo over for rettleiing.

Om sats for omsetjing

Satsen

  • er rekna ut frå listeprisar frå fleire tekstbyrå for omsetjing til andre språk enn norsk og engelsk.
  • blir indeksjusert kvart år.
  • skil ikkje mellom ulike kategoriar (trykt, e-bok eller digitalt innfødt læremiddel)
  • tek høgde for kostnadar som ikkje er direkte knytt til omsetjinga. Samanlikna med listeprisar for omsetjing utgjer den faktiske omsetjingskostnaden om lag 15 prosent av satsen per 1000 teikn med mellomrom. Kostnadar knytt til tilpassing, som til eksempel utveljing av sentrale ord, prosesser og omgrep, er dekt av satsen.

Budsjettmalen inneheld også informasjon og eksempel for søkar og revisor når det gjeld rapportering på antall teikn med mellomrom.

Last ned budsjettmal for satsbasert tilskot for omsetjing – 2024-versjon (xls)

Skal du søke om refusjon for parallelle utgivingar?

Då skal du nytte ei tilpassa mal. Gå til informasjon om parallelle utgivingar, der du og kan sjå skjermvideo og laste ned refusjonsmalen.