Årsrapport 2021

Del V Vurdering av framtidsutsikter

Vi skal bidra til at alle barn meistrar, lærer og trivst på skolen og i barnehagen. Oppgåva vår er å bidra til dette gjennom verkemidla våre som regelverk og tilsyn, kompetanseutvikling, støtte og rettleiing og kunnskapsproduksjon og formidling. Høge ambisjonar kombinert med krav om effektivisering og avbyråkratisering gjer at vi kontinuerleg må vidareutvikle arbeidsprosessane og verkemidla våre. Prosessane og produkta våre skal kjenneteiknast av at vi tek utgangspunkt i behova og utfordringane til brukarane, at vi jobbar saman med andre for å finne gode løysingar, og at vi utnyttar teknologien der han gir moglegheiter for effektivisering og høgare kvalitet.

Dei to første skoleåra av innføringa av nye læreplanar etter LK20 og LK20 S har vore prega av pandemien. Fagfornyinga var ein læreplanprosess som skapte mykje engasjement i store delar av sektoren. No som vi er på veg tilbake til ein meir normal kvardag, er det behov for ei prioritering som gir skolane høve til å ta opp att arbeidet med dei nye læreplanane. For å lykkast med fagfornyinga er det nødvendig at Udir systematisk følger opp korleis læreplanane blir forstått og tekne i bruk. Felles forståing av kva standpunkt og eksamen måler og uttrykker, og forholdet mellom dei to er viktig for å etablere ei felles forståing av kva kompetanse i faga er i dei nye læreplanane. Det er etter vår vurdering sentralt å arbeide med ei satsing på sluttvurdering.

Satsing på kompetanse blant tilsette i sektoren vår må halde fram for at arbeidet med realisering av fagfornyinga skal lykkast, for at regelverket skal etterlevast, og for å sikre god og likeverdig kvalitet i tilbodet i heile landet. Med fagfornyinga har vi fått eit nytt kompetanseomgrep og læreplanverk som føreset ein endra opplærings- og vurderingspraksis dersom ambisjonane og intensjonane skal realiserast. Innføringa dei to første skoleåra har vore prega av pandemien, det vil derfor vere behov for å prioritere arbeid med å støtte forståing og bruk av læreplanane. I denne samanhengen meiner vi det er relevant å sjå nærmare på korleis kompetansetiltaka kan brukast til å styrke profesjonsfellesskapa og styrke det lokale arbeidet med kvalitet i barnehagar og skolar. Det vil også vere relevant å sjå nærmare på heilskap og samanheng i verkemidla våre, mellom anna gjennom vekting av satsing på vidareutdanning og etterutdanningstiltak. Vidare må vi vurdere om ambisjonen om jamnare kvalitet synleggjer eit behov for å i større grad sjå dei kompensatoriske tiltaka som ein integrert del av dei lokale kompetanseutviklingstiltaka. Det blir spennande å følge opp utfallet frå det pågåande arbeidet til det offentlege utvalet som ser på etter- og vidareutdanninga i framtida.

Rett til eit trygt og likeverdig barnehage- og opplæringstilbod

Både i 2020 og 2021 har barnehagar og skolar hatt ei rekke smitteverntiltak. Det midlertidige regelverket på barnehage- og opplæringsområdet har gitt lokale styresmakter handlingsrom til å tilpasse tilbodet i barnehagar og skolar i pandemisituasjonen. Tilgangen til å tilpasse tilbodet, og dermed fråvike fleire av dei ordinære krava etter regelverket, har påverka barnehage- og opplæringssituasjonen til mange barn og unge. Utdanningsdirektoratet er derfor opptekne av at vi framover sørger for at terskelen for å avgrense barnehage- og opplæringstilbodet er svært høg. Framover vil det også vere viktig å følge opp at skoleeigarane sørger for at elevar som har redusert utbytte, får teke igjen det tapte.

Digitalisering

Vi skal sikre meir effektive digitale løysingar for sektorane våre med høgare sikkerheit, meir dataflyt og meir velfungerande samspel mellom tenester og løysingar. I arbeid med å fornye dei digitale løysingane og systema våre har vi behov for å prioritere eit digitalt løft.

Ambisjonane for tiltaka i handlingsplanen for digitalisering i grunnopplæringa og kommande digitaliseringsstrategi er store, og vi vil jobbe strategisk for å vidareutvikle standardar og fellesløysingar som Feide og gjere ulike grep for å oppnå eit meir velfungerande digitalt økosystem som gir betre barnehagar og skolar.