Kompetanse i fagaOverordna del

Skolen skal sjå opplæringa i fag i lys av dei verdiane og prinsippa som heile opplæringa byggjer på.

Fagleg læring er ein sentral del av både dannings- og utdanningsoppdraget til grunnopplæringa. Faglæreplanane fastslår innhaldet i dei ulike faga og byggjer på følgjande definisjon av kompetanse:

Kompetanse er å kunne tileigne seg og nytte kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneber forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking.

Forståing av kompetanseomgrepet må liggje til grunn for skolen sitt arbeid med læreplanar og vurderinga av den faglege kompetansen til elevane. Kompetansemåla i faga må sjåast i samanheng med kvarandre i og på tvers av fag. Kompetansemåla må òg forståast i lys av formålsparagrafen og dei andre delane av læreplanverket.

Kunnskap inneber å kjenne til og forstå fakta, omgrep, teoriar, idear og samanhengar innanfor ulike fagområde og tema. Ferdigheiter er å meistre handlingar eller prosedyrar for å utføre oppgåver eller løyse problem og omfattar blant anna motoriske, praktiske, kognitive, sosiale, kreative og språklege ferdigheiter. Kompetanseomgrepet omfattar òg forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking i fag, noko som er viktig for å forstå teoretiske resonnement og for å utføre noko praktisk. Refleksjon og kritisk tenking heng saman med utvikling av haldningar og etisk vurderingsevne.

Skolen skal gi rom for djupnelæring slik at elevane utviklar forståing av sentrale element og samanhengar innanfor eit fag, og slik at dei lærer å bruke faglege kunnskapar og ferdigheiter i kjende og ukjende samanhengar. I arbeidet med faga skal elevane møte oppgåver og delta i varierte aktivitetar av stadig aukande kompleksitet. Djupnelæring i fag inneber å nytte kunnskapar og ferdigheiter på ulike måtar, slik at elevane over tid kan meistre ulike typar faglege utfordringar individuelt og i samspel med andre.

Lærarar og leiarar i skolen må jamleg reflektere over samanhengen mellom opplæringa i fag og dei overordna måla, verdiane og prinsippa for opplæringa.