Kunst og visuelle verkemiddel (KDA01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter kunst og visuelle verkemiddel 3

  • gjennomføre
    ,
    dokumentere
    og
    presentere
    ein skapande prosess og
    vurdere
    vala frå idé til ferdig arbeid
  • kombinere tekst og bilete for å synleggjere ein bodskap og gje uttrykk for kjensle eller meining i eige skapande arbeid
  • analysere
    innhald, kontekst og uttrykk i kunst, medium og visuelle uttrykk, og
    presentere
    og formidle eigne og andre sitt arbeid
  • undersøkje og ta i bruk alternative stader for produksjon og visning av kunst og 
    vurdere
    kva konteksten har å seie
  • bruke
    teikning for å kommunisere haldningar, tankar og idear, og
    utforske
    teikning som sjølvstendig kunstform på analoge og digitale flater
  • bruke
    forenkling og abstraksjon av form i arbeid med to- og tredimensjonale uttrykk
  • eksperimentere med gjenbruk av materiale i skapande arbeid og
    reflektere
    over kvalitet og miljøbevisst ressursbruk
  • reflektere
    over og
    vurdere
    estetiske og etiske problemstillingar knytte til visuelle uttrykk, og følgje reglar for publisering og opphavsrett
  • gjere greie for
    bilet- og formuttrykk i si eiga samtid, og
    utforske
    og vise korleis samfunnsaktuelle tema og verdiar blir opplevde, belyste og kommenterte
  • gjere greie for
    sentrale stilartar, kunstnarar, verk og medium frå 1900-talet og samtida som referanse i sitt eige arbeid

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering