Kunst og visuelle verkemiddel (KDA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kunst og visuelle verkemiddel 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføreog
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
dokumentereein kunstnarisk prosess og grunngje eigne tankar, idear og valÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- brukestilisering, utsnitt, positive og negative former og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
utviklesine eigne digitale komposisjonarÅ utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
- brukekunnskap om form, proporsjonar og uttrykk i teikning av objekt og menneskekroppen
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukeulike teknikkar i arbeid med harde, plastiske og mjuke materiale og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
vurderekvalitet i sitt eige arbeidÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- reflektereover og
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
vurderehaldbarheit, kvalitet og konsekvensar for miljøet i val og bruk av materiale, reiskapar og teknikkarÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- brukekunnskap om visuelle verkemiddel for å synleggjere innhald og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
vurdereein verknad eller tyding i digitalt og analogt arbeidÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- kjenne til grunnleggjande kommunikasjonsteori oggjere greie forsamanheng mellom avsendar, bodskap og betraktar
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- prøve ut ulike måtar åpresentereog stille ut kunstnariske arbeid på, åleine og saman med andre
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
- utforskekunstverk frå samiske kunstnarar og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
drøftekorleis samisk identitet kjem til uttrykk i verkaÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- gjere greie forulike epokar, sentrale kunstverk og kunstnarar frå 1600- til 1900-talet som referanse i sitt eige arbeid
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande, praktiske prosesser utviklar og formidlar visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer, reflekterer over, vurderer og utforskar uttrykk, meining, teknikkar og materiale. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom innhald, uttrykk og kontekst i kunst, medium og visuelle uttrykk. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei viser til historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i eige arbeid og ved bruk av visuelle verkemiddel.
Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte, oppgåver som fremmer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i kunst og visuelle verkemiddel, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit spekter av oppgåver relatert til kunstfeltet og bruk av visuelle verkemiddel.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter kunst og visuelle verkemiddel 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som omfattar forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kunst og visuelle verkemiddel 2 basert på kompetansen eleven har vist gjennom praktisk skapande arbeid med innhald, materiale og visuelle verkemiddel, og gjennom vurdering av uttrykk, verknad og bodskap.