Kompetansemål og vurderingVg2 aktivitør (AKT02‑04)

Samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter yrkesliv i aktivitørfag

  • innhente informasjon om funksjonsnivået til brukarar og
    vurdere
    og grunngi valet av aktivitetar
  • bruke
    og
    vurdere
    fargar og formelement i arbeidet med å skape ulike produkt
  • vurdere
    kva slags hjelpemiddel, digitale ressursar og teknologi som kan brukast til ulike aktivitetar
  • gjere greie for
    kva kosthald, fysisk aktivitet og hygiene har å seie for helsa til brukarane
  • reflektere
    over korleis ein kan vareta miljøet ved bruk av materiale og andre ressursar
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • gjere greie for
    grunnleggjande prinsipp for hygiene og smittevern
  • gjere greie for
    retningslinjer for yrkesetikk, personvern og helse, miljø og sikkerheit og
    drøfte
    kva dette inneber for yrkesutøvinga
  • drøfte
    kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsvilkår i aktivitørfaget
  • følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og
    gjere greie for
    korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering