Yrkesfagleg fordjuping

Alle elevar som går yrkesfag skal ha yrkesfagleg fordjuping (YFF). Dette er eit obligatorisk fag på vg1 og vg2 som gir elevane moglegheit til å prøve seg i eitt eller fleire aktuelle lærefag. 

Elevane skal få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar innanfor dei lærefaga dei vel å prøve ut. Formålet med ordninga er at elevane skal få eit godt grunnlag for å velje lærefag, og å leggje til rette for at elevane tidleg får moglegheit til å fordjupe seg. Dei kan også velje fag frå studieførebuande utdanningsprogram.

Rammene for ordninga ligg i forskrift om yrkesfagleg fordjuping

Samarbeid mellom skole og arbeidsliv

Lærebedrifter i lokalmiljøet er skolen sine viktigaste samarbeidspartar i planlegging og gjennomføring av yrkesfagleg fordjuping.

Samarbeid mellom lærarar, skuleleiing, instruktørar og representantar frå lokalt arbeidsliv om yrkesfagleg fordjuping gjer meirverdi til opplæringstilbodet.

Døme på kva samarbeidet mellom skole og bedrift kan innehalde:

  • avtale om praktisk og organisatorisk gjennomføring av yrkesfagleg fordjuping
  • utarbeide lokale læreplanar
  • dialog om innhald og vurdering
  • dialog om dokumentasjonsgrunnlag for vurdering
  • utarbeide planar for oppfølging og progresjon i samarbeidet
  • gjensidig erfaringsutveksling og fagleg fordjuping for både bedrift, lærar og elev

Godkjende lærebedrifter har gode føresetnader for å gi opplæring i yrkesfagleg fordjuping. Bedriftene kan i samarbeid med lærar eller skolen nytte planar for opplæring av lærlingar på vg3 som del av yrkesfagleg fordjuping. Potensielle nye lærebedrifter får gjennom denne ordninga moglegheit til å vurdere framtidige lærlingar.

Roller og ansvar

Skole og bedrift må samarbeide om oppgåver og ansvar knytt til planlegging og gjennomføring av yrkesfagleg fordjuping.

Skolen skal i samarbeid med bedrifta utarbeide ein lokal læreplan med vurderingskriterium og kjenneteikn på måloppnåing for sluttvurdering. Den lokale læreplanen skal ta utgangspunkt i kompetansemål på vg3 og bedrifta sine arbeidsoppdrag.

Skolen og bedrifta skal samarbeide om å følgje opp elevar i bedrift. Skolen er ansvarleg for undervegsvurdering og sluttvurdering. Bedrifta er ansvarleg for å følgje opp den praktiske oppgåveløysinga og elevane si sikkerheit. Vidare skal bedrifta bistå læraren i vurderingsarbeidet og gi tilbakemeldingar til elevane undervegs i opplæringa. Skolen og bedrifta skal samarbeide om vurderingssamtala ved slutten av opplæringa i bedrift.

Les meir om vurdering

Støtte til arbeid med lokale læreplanar

I planleggingsverktøyet på udir.no kan lærarar og tilsette på skolar logge seg inn og hente ut ulike delar frå aktuelle vg3-læreplanar, legge inn kommentarar og planlegge opplæringa ut i frå bedrifta si verksemd. Det er mogleg å dele innhaldet med elevar og instruktørar. Foreløpig har ikkje instruktørar skrivetilgang i verktøyet, men vi jobbar med å få dette på plass slik at det blir enklare for læraren og instruktøren å samarbeide om å utvikle den lokale læreplanen.

Støtte til å etablere samarbeidsavtaler om yrkesfagleg fordjuping

Dersom skolen og bedrifta ynskjer det, kan de på utdanning.no registrere samarbeidsavtalar mellom skole og bedrift innan yrkesfagleg fordjuping.

Rapportar og analyser

Lærlingene trives på arbeidsplassen sin

Håndtering og konsekvenser av koronautbruddet for videregående opplæring

Spørsmål til Skole-Norge våren 2017 (kapittel om YFF)

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!