Utprøving av langtidsoppgåve til eksamen

Våren 2024 har om lag 100 vidaregåande skolar prøvd ut langtidsoppgåve i tre fag. På sikt kan ei langtidsoppgåve bli eit alternativ eller supplement til dagens eksamensformer.

Utprøving i fag med ulike kvalitetar

Utdanningsdirektoratet har starta eit langsiktig arbeid med å utvikle og prøve ut modellar for ei mogleg ny eksamensform i tre fag på vidaregåande skule. Den nye eksamensforma er ei langtidsoppgåve, og vart prøvd ut våren 2024 i følgjande fag:

Faga er ulike, men har det til felles at dei har sentralt gitt skriftleg eksamen. Eigenarten til faga gir gode høve til å prøve ut ulike modellar for ei langtidsoppgåve, og er derfor valt ut i første utprøving. Langtidsoppgåva har bakgrunn frå tilrådingane eksamensgruppa og fullføringsreforma

Skolane hadde ansvar for å gjennomføra utprøvinga i tråd med modellen i faget, mellom januar og april 2024. I perioden kunne faglærarane sjølv velja når oppgåva skulle gjennomførast, og eventuelt gjere lokale tilpassingar. Arbeidet med langtidsoppgåva er meint å vere ein del av opplæringa og vurderinga i faget, og ikkje noko som kjem i tillegg.

Langtidsoppgåva kan gi eleven betre tid til å vise kompetanse på fleire og varierte måtar. Utprøvinga gir oss kunnskap om langtidsoppgåva kan gi elevane høve til å vise kompetanse i tråd med nytt læreplanverk, på ein betre måte enn dagens eksamen. Erfaringar og kunnskap frå utprøvingane vil bli lagt til grunn om det på eit seinare tidspunkt skal oppskalerast til eit forsøk. I eit forsøk vil elevane få unntak frå regelverket slik at langtidsoppgåva vil erstatte eksamen for dei elevane som deltek.

NTNU evaluerer utprøvinga på oppdrag frå Udir. Første rapport kjem i løpet av sommaren 2024.

Utprøving 2025

I 2025 vil vi fortsette utprøvingen av langtidsoppgaven. Våre erfaringar frå den første utprøvinga vil være nyttig i det vidare arbeidet med neste utprøving.