Langtidsoppgåva i politikk og menneskerettar

Elevane skal skrive ein fagtekst og ha ein fagsamtale med eigen lærar og ekstern faglærar om teksten dei skriv. 

Med denne modellen skal elevane utvikle/formulere ei problemstilling for oppgåva med utgangspunkt i eit felles tema for dei som deltek i utprøvinga. Elevane skal også få høve til å velje kva metodar og arbeidsmåtar dei vil bruke i arbeidet, utover det som er beskrive i denne modellen.

Tema for 2024 

I utprøvinga av langtidsoppgåva våren 2024 er temaet konflikt. Elevane kan sjølv velje kva slags type konflikt dei vil fordjupe seg i, som til dømes interessekonfliktar, verdikonfliktar, væpna konfliktar eller andre typar konfliktar.

Arbeidet med langtidsoppgåva våren 2024 skal knyttast til følgjande kompetansemål i læreplanen for politikk og menneskerettar (POS-05-01)

Mål for opplæringa er at elevane skal kunne

  • utforske og analysere nasjonale og internasjonale saker eller konfliktar i eit statsvitskapleg perspektiv
  • bruke statsvitskaplege teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar

I tillegg til desse to kompetansemåla skal elevane velje seg eitt til tre andre kompetansemål som blir knytte til arbeidet. Dei kan velje heile eller deler av kompetansemål. Læraren skal støtte og rettleie eleven i val av kompetansemål og i utforminga av problemstilling.

Underveisvurdering og rettleiing

Faglærar skal ikkje berre gi retning og støtte, men også sikre så godt som mogleg at det er eleven sitt eige arbeid og kompetanse som ligg til grunn for vurderinga. Tett oppfølging frå lærar skal leggje til rette for at elevane reflekterer over og tek eigarskap til sitt eige arbeid.
Den første rettleiinga er obligatorisk og skal sikre at elevane vel problemstilling som er relevant og gjennomførbar. Faglærar skal godkjenne dette før eleven går i gang med å skrive på fagteksten sin. Læraren står fritt til å rettleie elevar vidare i prosessen ut frå føresetnadene og behova deira, og på tidspunkt som eleven og læraren finn formålstenleg og handterleg.

Formata og arbeidsmåtane til oppgåva

Arbeidet til eleven med langtidsoppgåva skal strukturerast i fire fasar kvar eleven:

  1. utarbeider ei relevant problemstilling og får rettleiing av faglærar før eleven går vidare
  2. søkjar etter informasjon i relevante kjelder som kan klargjere problemsstillingen
  3. skriv ein fagtekst som svarer på problemstillinga
  4. har ein fagsamtale om fagteksten med lærar og ekstern lærar der eleven reflekterer over arbeidsprosessen og innhaldet i teksten

Fagteksten bør ha eit omfang på maksimalt 3000 ord og må innehalde referansar til kjeldene elevane bruker i fagteksten sin. Å kunne innhente, vurdere og bruke kjelder på ein måte som lèt seg etterprøve, er ein sentral del av faget politikk og menneskerettar. Kjeldelista er ikkje inkludert i dei 3000 orda.

Vurdering av langtidsoppgåva

Langtidsoppgåva kan inngå i vurderingsgrunnlaget til standpunktkarakteren i faget. Faglærar bestemmer i kor stor grad, og på kva måte vurderinga kan inngå i standpunktkarakteren. Grunnlaget for vurdering er både fagtekst og fagsamtale.

Den munnlege fagsamtalen skal mellom anna bidra til å sikre at elevane kan vise eigarskap til sitt eige produkt og kva val dei har gjort i bruk av kjelder. Læraren må vurdere i kva grad elevane nyttar kjeldene på ein kritisk og reflektert måte.

Vurderingskriteria til langtidsoppgåva i politikk og menneskerettar kan vere til hjelp i vurderinga av langtidsoppgåva. Det er viktig at faglæraren set tydelege rammer for kva som skal inngå og vektleggjast i vurderinga, slik at dette er kjent for elevane før dei startar opp med langtidsoppgåva. Vurderingskriteria i langtidsoppgåva for politikk og menneskerettar er baserte på kriteria for skriftleg eksamen med nokre utdjupingar når det gjeld informasjonsinnhenting og kritisk tenking. Desse kriteria er meinte som ei støtte til vurdering av både fagtekst og fagsamtale og kan tilpassast ved behov.

Faglæraren og den eksterne faglæraren skal kvar for seg vurdere den skriftlege delen av langtidsoppgåva. Deretter skal faglæraren til eleven, saman med den eksterne faglæraren, gjennomføre fagsamtalen med eleven. I fagsamtalen skal elevane reflektere over arbeidsprosessen og innhaldet i fagteksten. Læraren må i samtalen leggje til rette for at elevane får vist eigarskap til det dei har skrive i fagteksten.

Faglæraren og den eksterne læraren set ein felles karakter på bakgrunn av den fagkompetansen som eleven uttrykkjer gjennom fagteksten og fagsamtalen. Ved usemje om karakter har faglærar siste ordet. Vi tilrår at fagsamtalen blir vektlagd særleg i karaktersettingen, då denne samtalen skal gi eleven særskilt høve til å få vist eigarskapen sin til teksten og til å vise sjølvstendige refleksjonar rundt teksten.

Vurderingskriterium for fagteksten og fagsamtalen i langtidsoppgåva
KompetanseKarakteren 2 (bestått) «låg kompetanse»Karakteren 4 «god kompetanse»Karakteren 6 «framifrå/utmerket kompetanse»
Fagleg kunnskap
  • brukes noe relevant fagspråk
  • redegjøres det for og anvendes det statsvitenskapelige metoder, modeller og teorier på en enkel måte
  • vises det noe forståelse av og kunnskap om enkelte av fagets relevante emner
  • brukes relevant fagspråk på en hensiktsmessig måte
  • redegjøres det for og anvendes det statsvitenskapelige metoder, modeller og teorier på en god måte
  • vises det god forståelse av og kunnskap om relevante deler av fagets emner og problemstillinger
  • brukes relevant fagspråk presist og hensiktsmessig
  • redegjøres det for og anvendes det statsvitenskapelige metoder, modeller og teorier på en selvstendig og særdeles god måte
  • vises det særdeles god forståelse av og kunnskap om relevante deler av fagets emner og problemstillinger
Drøfte og vurdere
  • presenteres enkelte perspektiver og ensidig argumentasjon
  • pekes det på enkelte sammenhenger
  • anvendes det i argumentasjonen teori og empiri på en enkel måte
  • presenteres ulike perspektiver, og noen sider av en sak veies opp mot hverandre
  • belyses enkelte sentrale sammenhenger på en god måte
  • begrunnes argumenter delvis med teori og empiri på en god måte
  • anvendes ulike perspektiver, og sentrale sider av en sak veies opp mot hverandre på en særdeles hensiktsmessig og nyansert måte
  • belyses sentrale sammenhenger på en særdeles god måte
  • vurderes og begrunnes argumenter med teori og empiri på en selvstendig og kritisk måte
Informasjons-innhenting og kritisk tekning
  • er det enkel kildebruk med relevante og aktuelle kilder
  • vises eierskap til eget arbeid og noe kritisk refleksjon i forbindelse med kildebruk
  • anvendes noen aktuelle og relevante kilder selvstendig, og de henvises til på en god måte
  • vises eierskap til eget arbeid og god kritisk refleksjon i forbindelse med kildebruk
  • anvendes flere aktuelle og relevante kilder hensiktsmessig og selvstendig, og de henvises til på en svært god måte
  • vises tydelig eierskap til eget arbeid og svært god kritisk refleksjon i forbindelse med kildebruk