Kunnskapsgrunnlag for kvalitetskriterium for læremiddel i norsk

1.2 Definisjon av læremiddel

Læremiddel er eit innarbeidd omgrep trass i at vi ikkje alltid er einige om kva det står for. I § 17-1 i forskrift til opplæringslova er omgrepet definert slik:

Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere enkeltståande eller gå inn i ein heilskap, og dekkjer aleine eller til saman kompetansemål i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Vidare i kunnskapsgrunnlaget legg vi definisjonen i forskrifta til grunn, men peiker samtidig på at omgrepsbruken på læremiddelfeltet kan vere noko forvirrande, ikkje minst med tanke på bruken av digitale læremiddel. Det viser kor samansett dagens læremiddelsituasjon er. Spørsmålet om læremidla er realiserte på papir eller på skjerm, har vi ikkje lagt vekt på i denne framstillinga, sjølv om det er trekt inn der det er relevant. Dette kunnskapsgrunnlaget fokuserer på læremidla sitt forhold til intensjonane i læreplanverket, på den pedagogiske og didaktiske tilrettelegginga og på den tekstlege framstillinga i læremidla.

Tidlegare læreplanar hadde gjerne eit vidt læremiddelomgrep: «Med læremiddel menes her alt av det utstyr og materiell som brukes av lærer og elev i forbindelse med undervisning og læring», heitte det for eksempel i mønsterplanen som blei innført i 1974 (Mønsterplan, 1974, s. 55). Ut frå ein slik definisjon blir utstyret i ein gymsal eller på naturfagrommet eit læremiddel på same måte som ei avis, eit dokumentarprogram i NRK – eller dagens nettbrett, for den saks skuld. Kva vi kan forstå med omgrepet læremiddel i skolesamanheng, har gradvis blitt snevra inn. Det ser vi mellom anna i Meld. St. 28 (2015–2016), der det i ei oppsummering av drøftinga av omgrepsbruken heiter: «Læremidlene skal være utviklet til bruk i opplæringen og dekke kompetansemålene i læreplanene.» Både i trykte og digitale læremiddel finn vi tekstar som ikkje er produserte for opplæringsformål, men som blir didaktiserte i eit læremiddel. Det gjer definisjonen som er gitt ovanfor, problematisk.

Fleire forskarar har forsøkt å bruke meir nyanserte omgrep når det er tale om læremiddel (Gilje, 2017; Illum Hansen, 2015; Skjelbred, 2019). På den eine sida skil ein mellom læremiddel som er berarar av innhald og meining og må tolkast (dvs. tekstar), som bilete og verbaltekst i ei bok eller på eit nettbrett, og på den andre sida verktøy, som ikkje har meining i seg sjølv, men som blir brukte i ein opplæringskontekst, som nettbrett og skrivereiskapar. Vidare skil ein mellom læremiddel som er produserte for opplæringsformål, som eit læringsspel eller ei lærebok, og tekstar som er utarbeidde for formål utanfor skolen, som ei avis eller ein film, og som blir trekte inn i skolen og brukte til undervisningsformål. Nemningane som blir brukte, kan variere, men sjølve inndelinga er mykje den same.

I boka Læremidler og arbeidsformer i den digitale skolen bruker Øystein Gilje nemningane læremiddel og læringsressursar, der den første står for element som er utvikla til bruk i opplæringa, og den siste blir brukt om element som er utarbeidde for formål utanfor skolen og blir trekte inn i skolen. I boka Dansk skil Thomas Illum Hansen mellom «didaktiske læremiddel» og «semantiske læremiddel», der dei første er læremiddel som er utarbeidde for opplæring, medan dei siste er element som blir brukte som læremiddel. I tillegg opererer Illum Hansen med «funksjonelle læremiddel», som ikkje har noko innhald i seg sjølv, men er reiskapar som blir brukte til å realisere eit innhald.

I boka Skolens tekster – et utgangspunkt for læring finn vi denne oversikta over læremiddel: 

Læremidler
Hjelpemidler Skolens tekster
 VerktøyGjenstanderPrimære/intenderte
skoletekster
Sekundære/benyttede
skoletekster
Eksempler Skriveredskaper, nettbrett

Konkretiserings-
materiell, utstoppede dyr

Lærebøker, læringsspill Romaner, aviser

Henta frå Skolens tekster (Skjelbred, 2019, s. 22).

Her er det skilt mellom tekstar som har meining og må tolkast, og det som ikkje er tekstar, men som kan brukast til å realisere tekstar, som skrivereiskapar (verktøy) eller ulike typar konkretiserings- og aktualiseringsmateriell (gjenstandar). Vidare er det skilt mellom dei tekstane som er utarbeidde med tanke på opplæring i skolen, og dei som ikkje er laga med opplæring som formål, men som blir trekte inn i skolen og «didaktiserte» (Blikstad-Balas, 2014). Dei første blir her kalla «primære/intenderte skoletekster», og tilsvarer det Gilje kallar «læremiddel» og Hansen «didaktiske læremiddel». Det er desse tekstane som tilsvarer omgrepet læremiddel i opplæringslova.

Ein problematikk knytt til å bruke definisjonen i opplæringslova kom fram i Rambølls evaluering av rettleiaren i matematikk. Fleire informantar peikte på at rettleiaren berre var retta mot læremiddel som kan vere «enkeltståande eller gå inn i ein heilskap, og dekkjer aleine eller til saman kompetansemål i Læreplanverket for Kunnskapsløftet», det vil seie læremiddel for spesielle fag som blir brukte over ein lang periode, for eksempel eit skoleår (det som læremiddel.dk kallar «læremiddel på makronivå»). Men i skolen bruker ein også læremiddel for enkelte tema og opplegg som for eksempel går over ein kortare periode, som tverrfaglege tema («mesonivå»), og ein bruker læremiddel for konkrete og avgrensa undervisningsformål i for eksempel ei undervisningsøkt der ein trener på ei spesiell ferdigheit («mikronivå»). (https://laeremiddel.dk, sjå også Gilje, 2017, s. 68). I utarbeidinga av rettleiaren er det forsøkt å ta høgde for dette, også fordi samanhengen mellom dei ulike tekstsystema i eit læremiddel av og til har vist seg å vere problematisk (Vareberg, 2018).

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!