Kunnskapsgrunnlag for kvalitetskriterium for læremiddel i norsk

1.3 Bakgrunn

Med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) har skolen fått nye læreplanar for grunnopplæringa i alle fag. Det har konsekvensar også for læremiddelfeltet. Lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar skal vurdere og velje læremiddel med utgangspunkt i det læreplanen omtaler som relevans og sentrale verdiar i faga, tverrfaglege tema, grunnleggande ferdigheiter, kjerneelement og kompetansemål. Dei skal i tillegg sjå alt dette i samanheng med den overordna delen i læreplanen, der verdiane og prinsippa som grunnopplæringa bygger på, er fastsette. Læremiddelutviklarar produserer nye papirbaserte og digitale læremiddel med utgangspunkt i dei nye læreplanane. Også samfunnsutviklinga generelt har konsekvensar for læremidla. Samfunnet blir stadig meir digitalisert, og skolen og undervisninga tar del i denne digitaliseringa, slik det går fram av strategiplanen til regjeringa, Framtid, fornyelse og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021 (s. 19). Det skaper mange moglegheiter, men òg nokre utfordringar for arbeidet med læremidla. Vi må kunne seie at utviklinga både i og utanfor skolen generelt og innføringa av den nye læreplanen gjer vurdering og val av læremiddel viktig i den endringa skolen no går igjennom.

Dette går også fram av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse – En fornyelse av Kunnskapsløftet, som er eit viktig forarbeid til LK20. Meldinga har eit eige delkapittel om læremiddel som poengterer den plassen læremidla har i opplæringa: «Læremidlene har stor betydning for undervisningen og elevenes læringsutbytte», heiter det som ein del av vurderinga (op.cit., s. 77).

Læremidla har stor økonomisk og pedagogisk betydning både for dei som lagar, og for dei som kjøper og bruker læremidla. Kvar dag gjer om lag 800 000 menneske i Noreg bruk av læremiddel, anten realiserte som lærebøker på papir eller som digitale læremiddel på skjerm. Kvart år bruker skolane i grunnopplæringa meir enn 700 millionar kroner på læremiddel (Forleggerforeningen, 2018). Forskingsprosjektet «Med ARK og APP», som studerte læremiddelbruk i faga engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag i perioden 2013–2015, viste at læremidla har ei viktig rolle i læringsarbeidet. Det viste også at bruken av digitale læremiddel stadig aukar, samtidig som den papirbaserte læreboka framleis står sterkt: «Den papirbaserte læreboka er det læremiddelet som flest lærere oppgir var i bruk i siste time», heiter det for eksempel i ei oppsummering av prosjektet (Gilje et al., 2016, s. xv). Det stemmer godt med tilsvarande undersøkingar (Blikstad-Balas & Roe, 2020; Løvland, 2011; Skjelbred & Aamotsbakken, 2010b; Smidt, Tønnessen, Aamotsbakken & Nasjonalt senter for skriveopplæring, 2011). Mykje er i endring med tanke på korleis læremidla blir utforma og brukte, men det er framleis slik at læremidla speler ei viktig rolle i skolen. 

Med utgangspunkt i ei forståing av den viktige rolla læremidla speler i skolen, starta Kunnskapsdepartementet i 2017 eit arbeid med å utvikle kvalitetskriterium for læremiddel i matematikk som skulle «støtte skolene og lærerfellesskapet ved å øke bevisstheten om vurdering og valg av læremidler i matematikkundervisningen» (op.cit.). Kriteria skulle også «gi signaler til forlag og læremiddelforfattere om hva som kjennetegner læremidler med god kvalitet» (op.cit.). Departementet gav klare føringar for korleis slike kvalitetskriterium skulle utformast:

Kvalitetskriteriene skal ta utgangpunkt i læremiddelforskning og lærernes faglighet. Kriteriene skal ha en helhetlig tilnærming og omfatte ulike sider ved læremidlene. Dette inkluderer kriterier for faglighet, pedagogisk kvalitet, brukervennlighet og universell utforming. Kriteriene skal være relevante for både trykte og digitale læremidler (op.cit.).

Det digitalt baserte vurderingsverktøyet for læremiddel i matematikk blei ferdig våren 2018 og pilotert på fem skolar same haust. Utdanningsdirektoratet har no utarbeidd tilsvarande rettleiarar for faga norsk og engelsk.

På bakgrunn av utprøvinga av rettleiaren i matematikk gjennomførte Rambøll hausten 2018 ei evaluering av dette verktøyet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Rambøll, 2019a). Vi skal her referere nokre hovudfunn. For det første viste evalueringa at det var eit sterkt ønske om ein slik rettleiar i skolen, og at informantane opplevde at rettleiaren kunne bidra til at det lokalt blei gjort betre og meir bevisste val (op.cit., s. 3). Vidare meinte informantane at rettleiaren i hovudsak fungerte godt, men dei peikte også på forbetringspotensial. Noko gjaldt dei tekniske sidene og utforminga av rettleiaren, men noko gjaldt også innhaldet, som at ein del påstandar kunne opplevast som «unødig forskningsrettede og noe krevende å forstå» (op.cit., s. 38), og at dei var for lite praksisnære. Eit anna viktig funn i evalueringa var at samspelet mellom ulike læremiddel ikkje i tilstrekkeleg grad blei fanga opp i rettleiaren, noko rapporten peiker på kjem av den definisjonen av læremiddel som ligg til grunn for rettleiaren (op.cit., s. 8), jf. drøftinga av læremiddeldefinisjonen ovanfor.

Eit mål med utarbeidinga av rettleiaren var at han skulle bidra til kompetanseoppbygging i skolen. Evalueringsrapporten konkluderer med at det er «tydelig at veilederen og diskusjonene knyttet til vurdering av læremidler bidrar til en ny arena for refleksjon om utøvelse av læreryrket mellom lærerne» (op.cit., s. 5). Samtidig blir det peikt på at dette er avhengig av korleis den enkelte skolen legg opp prosessen og bruken av rettleiaren. Evalueringa til Rambøll har gitt nyttige innspel til arbeidet med å utvikle tilsvarande rettleiarar for norsk og engelsk.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!