Følge opp resultata frå nasjonale prøver på skolen og i kommunen

Dei nasjonale prøvene vil gi grunnlag for å tilpasse undervisninga på skolenivå, klassenivå og elevnivå dersom skoleeigaren og skoleleiaren systematisk legg til rette for å analysere og vurdere resultata i fellesskap.

Prøvene måler berre eit utval av det elevane skal kunne. Resultata frå prøvene må ein derfor alltid sjå i samanheng med annan informasjon ein har om elevane, skolen eller kommunen.

Vegen vidare - arbeidet med resultata frå nasjonale prøver

For å få fullt utbytte av kunnskapsgrunnlaget som resultata frå nasjonale prøver gir, bør både kommunar og skolar stille relevante spørsmål til resultata. Skoleeigaren kan ta initiativ til analyse, drøfting og oppfølging av resultata i heile kommunen og på den enkelte skolen.

Som eit ledd i analysen av resultata kan det vere nyttig å skaffe seg ei oversikt over kva endringar i resultata kan henge saman med, til dømes sjå på kva for tiltak skolane har sett i verk, eller kva skolane har jobba meir eller mindre med. Gode døme på moglege årsaker kan inspirere andre skolar i deira arbeid med å forbetre elevane sine ferdigheiter.

Dersom skoleeigaren også kjenner til innhaldet i prøvene og lærarrettleiingane, kan det utdjupe og forsterke det utbyttet skoleeigaren har av analysen av resultata. Lærarrettleiinga gir ein analyse av årets prøver. Ho er eit nyttig dokument også for skoleeigarar og skoleleiarar, fordi ho gir ein god innfallsvinkel for å forstå resultata i sin heilskap. Lærarrettleiingane gir oversikt over talet på oppgåver på dei ulike meistringsnivåa og gode forslag til oppfølgingstiltak.

Lærarrettleiingane vil saman med denne rettleiinga for skoleeigarar og skoleleiarar vere til god hjelp når skoleeigarar skal planleggje prosessen med resultatoppfølging.

Vi foreslår at de følgjer opp resultata i ein prosess over tre trinn:

  1. Kva er resultatet?
  2. Kvifor er resultatet som det er?
  3. Korleis kan det følgjast opp?

Film: Bruk og arbeid med resultat

Filmen er ment som eit utgangspunkt for vidare diskusjon om korleis de jobbar med resultata i dag og korleis arbeidet eventuelt kan bli meir heilskapleg og systematisk gjennom hele året.

Arbeid med analyse av resultata

Meir om resultata

Samanlikning av resultata mellom 8. og 9. trinn

I lesing og rekning blir det gjennomført nasjonale prøver også på 9. trinn. Elevane på 9. trinn gjennomfører den same nasjonale prøva som elevane på 8. trinn. Når vi ser på resultata for 9. trinn, er det viktig å hugse at prøvene er laga etter kompetansemåla på 7. trinn. Elevane på 9. trinn har gått på skolen eitt år lenger, og er blitt eitt år eldre, og vi kan forvente at desse elevane vil prestere betre på prøva enn elevane på 8. trinn.

Skolar, kommunar og fylke kan samanlikne resultata på 8. trinn med resultata på 9. trinn. På nasjonalt nivå presterer elevane på 9. trinn mellom 3 og 4 skalapoeng betre enn elevane på 8. trinn.

Det er interessant å samanlikne både gjennomsnittet og fordelinga på meistringsnivåa for dei to årskulla. I rekning er det òg mogleg å samanlikne fjorårets resultat på 8. trinn med årets resultat på 9. trinn, altså kva for endring den same elevgruppa har hatt frå eitt år til eit anna.

Slik finn og brukar de resultata for nyleg avgitte elever (avgiverrapporten)

Barneskolane finn òg resultata til elevane som nyleg gjekk ut av 7. trinn, i si eiga analyserapport (avgitte elever). De finn han nedst i oversikten over skolens resultat.

Avgiverrapporten er til for at barneskolen skal få sjå korleis det gjekk med elevane deira på nasjonale prøver på 8. trinn. Føremålet er at barneskolen skal bruka denne informasjonen til å vidareutvikla praksisen til skolen. Elevnamna i rapporten er anonymisert grunna personvernomsyn. Resultata i rapporten eignar seg godt som grunnlag for diskusjon i personalet.

Spørsmål det kan vera bra å diskutera er:

  • Har resultata på gruppa endra seg frå nasjonale prøver på 5. trinn?
    Er det færre eller fleire elevar på lågaste mestringsnivå? NB: nivå 1 på 5. trinn vert samanlikna best med nivå 1 + 2 på 8. trinn.
    Er det endring i mengd elevar på høgaste mestringsnivå frå 5. til 8. trinn? NB: nivå 3 på 5. trinn vert samanlikna best ned nivå 4+5 på 8. trinn.
  • Er det område eller fag de ser at det er grunn til å sjå på ein gong til?
  • Kva tenkjer de ligg bak resultata, og kva vil de gjera meir av eller annleis vidare?
  • Bør skolens praksis endrast på noe område?

Friteken eller ikkje delteke

I tillegg til dei elevne som blir fritekne, er det òg elevar som ikkje deltek på dei nasjonale prøvene, anten på grunn av dokumentert eller udokumentert fråvær. Dokumentert fråvær kan til dømes vere sjukdom. Nokre skolar kan ha fleire fritak enn andre på grunn av elevsamansetjinga på trinnet.

Skolen har ansvar for å registrere riktig status (friteken eller ikkje delteke) på dei elevane som ikkje har eit resultat på prøva. Elevar som er påmelde, og som ikkje har gjennomført prøva, får automatisk statusen «ikkje delteke».

Friteken og ikkje delteke blir publisert samla for å få eit reelt bilete av kor mange elevar som ikkje tek nasjonale prøver på skolane, i kommunane og i fylka.