Kva måler nasjonale prøver i lesing?

Nasjonale prøver i lesing måler i kva grad elevane sin ferdigheiter er i samsvar med kompetansemål i læreplanen, der leseferdigheiter er integrerte. Dette inneber at prøva er ei prøve i lesing som grunnleggjande ferdigheit i alle fag.

Rammeverk for grunnleggjande ferdigheiter beskriv kva lesing er, og korleis ferdigheita blir utvikla. Lesing som grunnleggjande ferdigheit inneber at elevane kan tileigne seg informasjon og forstå og vurdere eit mangfald av tekstar og teksttypar innanfor dei enkelte faga. Kvart fag har spesifikke tekstar med ulike framstillingsformer.

Aspekt i leseforståinga

Oppgåvene og tekstane har ulik vanskegrad. På den måten vil elevar som presterer svakt, klare noko, mens elevar som presterer godt, vil få oppgåver dei synest er utfordrande. Ulike tekstar krev ulike lesemåtar. Enkelte gonger må eleven finne svaret slik det står i teksten. Andre gonger må eleven sjølv tolke, reflektere eller gjere vurderingar, og nokre av dei opne oppgåvene krev òg skriftlege grunngivingar. På bakgrunn av dette deler vi leseforståinga inn i følgjande aspekt:

  1. å finne informasjon i tekstar
  2. å tolke og samanhalde informasjon
  3. å reflektere over og vurdere form og innhald i tekstar

Dei tre aspekta finst ikkje som åtskilde ferdigheiter hos elevane. Det er derfor ikkje eit mål å vurdere dei som avgrensa delkompetansar. Alle oppgåvene i dei nasjonale prøvene i lesing skal likevel vere kategoriserte etter kva for leseaspekt som er det mest sentrale i oppgåvene.

Prøvene inneheld ulike oppgåver

Fleirvalsoppgåve

Ei fleirvalsoppgåve består oftast av eitt spørsmål og fire svaralternativ der berre eitt svar er rett. Eleven skal klikke på det svaret han eller ho meiner er rett. I nokre oppgåver skal eleven ta stilling til fleire utsegner og klikke på eitt av to svaralternativ for kvar utsegn, til dømes rett eller gale.

Open oppgåve

Ei open oppgåve består av eit spørsmål som eleven skal svare på med sine eigne ord. Nokre spørsmål ber berre om eit kort svar, til dømes eit namn eller eit tal, mens andre spørsmål ber om at eleven forklarer eller grunngir svaret. Talet på linjer gir eit visst inntrykk av kor langt svaret bør vere.

Tidlegare prøver og eksempeloppgåver i lesing

Du finn eksempeloppgåver og prøver for dei to siste åra, saman med lærarrettleiingane som høyrer til under eksempeloppgåvene.