Meistringsbeskrivelser for nasjonale prøver i engelsk

Meistringsnivå nasjonal prøve i engelsk, 5. trinn

Skalapoeng: til og med 42

Elevane

  • kan forstå nokre konkrete, vanlege ord og uttrykk, til dømes uttrykk for tid
  • kan finne kjente og konkrete ord i ein tekst
  • kan følgje korte, klare og enkle instruksjonar
  • kan kople ein del vanlege og konkrete ord med bilde
  • kan kople kjente og konkrete ord innanfor same tema, til dømes  fish ogaquarium
  • kan kjenne igjen nokre innlærte grammatiske uttrykk i ein kontekst
Skalapoeng: 43 til 57

Elevane

  • kan forstå nokre vanlege ord og uttrykk
  • kan forstå nokre enkle setningar
  • kan kople enkle setningar med bilde
  • kan kople vanlege ord i ein tekst når dei er innanfor same tema
  • kan kople enkeltord i ein tekst med t.d. ei enkel beskriving (hat medsomething for my head)
  • kan finne spesifikke detaljar i ein lengre tekst
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein enkel tekst
  • kan finne enkle opplysningar sjølv når det finst noko konkurrerande informasjon i teksten
  • kan gå fram og tilbake i ein enkel tekst for å finne informasjon
  • kan kjenne igjen nokre enkle funksjonsord (t.d. but, her, with) og grammatiske strukturar i ein kontekst
Skalapoeng: 57 og høyere

Elevane

  • kan forstå ein del mindre vanlege ord og uttrykk
  • kan få meining ut av ein del komplekse setningar
  • kan få meining ut av korte og lengre enkle tekstar
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein tekst
  • kan finne opplysningar sjølv når det er konkurrerande informasjon i teksten
  • kan nærlese ein tekst
  • kan kople enkel informasjon frå ulike delar av ein tekst
  • kan bruke konteksten for å forstå vanskelege punkt i teksten
  • kan kjenne igjen grunnleggjande grammatiske strukturar og funksjonsord i ein kontekst

Meistringsnivå nasjonal prøve i engelsk, 8. trinn

Skalapoeng: til og med 36

Elevane

  • kan forstå nokre konkrete, vanlege ord og uttrykk
  • kan finne kjente og konkrete ord i ein tekst
  • kan følgje korte, klare og enkle instruksjonar
  • kan kople vanlege og konkrete ord med bilde
  • kan kople kjente og konkrete ord innanfor same tema, t.d. fish ogaquarium
  • kan kjenne igjen nokre innlærte grammatiske uttrykk og enkle funksjonsord i ein kontekst, til dømes personlege pronomen
Skalapoeng: 37 til 43

Elevane

  • kan forstå ein del vanlege ord og uttrykk
  • kan forstå enkle setningar
  • kan kople enkle setningar med bilde
  • kan kople vanlege ord i ein tekst når dei er innanfor same tema
  • kan finne spesifikke detaljar i ein lengre tekst
  • kan finne enkle synonym i ein kort tekst
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein enkel tekst
  • kan finne enkle opplysningar sjølv når det er noko konkurrerande informasjon i teksten
  • kan gå fram og tilbake i teksten for å finne informasjon
  • kan trekkje enkle slutningar når det er mykje støtte i teksten
  • kan kjenne igjen og bruke nokre enkle funksjonsord og grammatiske strukturar i ein kontekst
Skalapoeng: 44 til 55

Elevane

  • kan forstå tildels abstrakte og mindre vanlege ord og uttrykk
  • kan få meining ut av ein del komplekse setningar
  • kan få meining ut av korte og lengre enkle tekstar
  • kan forstå hovudinnhaldet i ein tekst
  • kan finne opplysningar sjølv når det er konkurrerande informasjon i teksten
  • kan nærlese ein tekst
  • kan forstå korleis avsnitta i ein lengre tekst heng saman
  • kan kople enkel informasjon frå ulike delar av ein tekst
  • kan bruke konteksten for å forstå vanskelege punkt i teksten
  • kan trekkje enkle slutningar
  • kan kjenne igjen og bruke grunnleggjande grammatiske strukturar/funksjonsord i ein kontekst
Skalapoeng: 56 til 62

Elevane

  • har eit ganske breitt vokabular
  • kan forstå kva ukjente ord tyder ut frå samanhengen
  • kan forstå ganske komplekse setningar
  • kan forstå ganske lange og til dels komplekse tekstar
  • kan kople informasjon frå ulike delar av teksten
  • kan trekkje slutningar
  • kan velje mellom nokre vanlege grammatiske strukturar/funksjonsord for å uttrykkje seg
Skalapoeng: 63 og høyere

Elevane

  • kan bruke lesestrategiar som passar til formålet
  • har eit ganske breitt og nyansert vokabular
  • kan forstå komplekse setningar
  • kan forstå lange og komplekse tekstar
  • kan lese mellom linjene
  • kan velje mellom ei rekkje grammatiske strukturar/funksjonsord for å uttrykkje seg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!