Opplæringslova
§ 3-3 Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa
Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse.
Opplæringa i skole skal omfatte vidaregåande trinn 1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3. Kvart trinn skal normalt ha lengd som eitt skoleår.
Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år. Departementet gir forskrift i medhald av § 3-4 første leddet om kva for fag som skal ha læretid i bedrift, og nærmare føresegner om opplæringsordninga for dei ulike faga.
Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet godkjenne lærekontrakt eller opplæringskontrakt som inneheld unntak frå den fastsette opplæringsordninga. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole. Praksisbrevkandidatar skal få bedriftsdelen av opplæringa i bedrift.
Fylkeskommunen skal gi tilbod om opplæring som lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar ikkje kan få i lærebedrifta.
Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999 iflg. res. 17 sep 1999 nr. 1011), 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003 iflg. res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17. juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982), 17 juni 2016 nr. 67 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 673).