Vaksne sin rett til bedriftsopplæring i vg3 i skole

Utdanningsdirektoratet har svart Statsforvaltaren i Vestland om vaksne sin rett til bedriftsopplæring i vg3 i skole.

Vi viser til dykkar e-post 05.02.2021, som dreier seg om vaksne har rett til bedriftsopplæring i vg3 i skole dersom fylkeskommunen ikkje klarer å formidle dei til opplæring i bedrift.

Bakgrunn

De ønskjer ei avklaring på om retten etter forskrift til opplæringslova (heretter forskrifta) § 6A‐9 òg gjeld for vaksne med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A‐3.

De viser til NOU 2019:23 punkt 45.4.4.6, der utvalet skriv at fylkeskommunen må tilby opplæring i skole etter opplæringslova § 3-3 dersom dei ikkje klarer å formidle ungdomar til læreplass. Utvalet skriv vidare at det ikkje er ein slik regel for vaksne, men det er lagt til grunn at tilsvarande regel gjeld for vaksne. Utvalet viser til brev frå Utdanningsdirektoratet datert 27.01.2009. Utvalet foreslår at det blir klargjort i ny opplæringslov at fylkeskommunar har plikt til å tilby opplæring i den ordinære vaksenopplæringa, dersom dei ikkje finn læreplass til vaksne som er tekne inn til eit opplæringsløp der læreplanen føreset opplæring i bedrift.

Vårt svar

Fylkeskommunen har plikt til å tilby opplæring i vg3 i skole dersom dei ikkje klarer å formidle ungdom med lovfesta rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 til opplæring i bedrift, jf. opplæringslova § 3-3 femte ledd, jf. forskrifta § 6A-9. Dei som ikkje får tilbod om læreplass, har altså rett til inntak på eit programområde på vg3 som byggjer på det programområdet på vg2 som søkjaren har gjennomført. Som opplæringslovutvalet gjer tydeleg i NOU 2019:23, finst ikkje noko tilsvarande lov- eller forskriftsregulering for vaksne.

Sjølv om det ikkje finst særskild regulering av vaksne sin rett til vg3 i skole ved manglande tilbod om opplæring i bedrift, er vår vurdering, i tråd med det opplæringslovutvalet skriv, at ein tilsvarande regel gjeld for vaksne. Vi viser til at vaksne som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3, til vanleg skal få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer, jf. forskrifta § 6-45 tredje ledd (tidlegare § 6-27 tredje ledd). I denne vurderinga skal det leggjast vekt på moglegheitene den enkelte har til å oppnå yrkes- eller studiekompetanse. Som vi uttalte i vedlagde brev frå 2009, er det forhold ved den vaksne som skal trekkjast inn her. Det kan for eksempel vere evner eller faglege føresetnader. Fylkeskommunen kan ikkje trekkje inn andre forhold, som at det er krevjande for fylkeskommunen å skaffe læreplass eller arrangere vg3 i skole. Dette blir òg støtta av at vaksne med rett til vidaregåande opplæring har rett til å fullføre opplæringsløpet, jf. § 4A-3 andre ledd. Ettersom ingen har rett på opplæring i bedrift, er det derfor naturleg at vaksne har rett til opplæring i vg3 i skole dersom dei ikkje får læreplass. Utan ein slik rett ville dei ikkje hatt moglegheit til å fullføre opplæringsløpet.

Konklusjon

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 har rett til opplæring i vg3 i skole, dersom fylkeskommunen ikkje klarer å formidle den vaksne til opplæring i bedrift. Fylkeskommunens plikt etter forskrifta § 6A-9 gjeld altså tilsvarande for vaksne.

 Vår referanse: 2021/724