Opplæringslova
§ 3-14 Nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse
Nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse skal legge til rette for:
- samling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
- kontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar
- opptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning
- deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse
Fylkeskommunar og andre som tilbyr vidaregåande opplæring, skal utan hinder av teieplikt levere alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring til databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.
Databasen kan også innehalde vitnemål og dokumentasjon om kompetanse frå anna opplæring og utdanning når det oppfyller eitt eller fleire av formåla i første ledd.
Databasen kan dele ein persons fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at databasen har opplysningar om personens vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-14. Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den registrerte har bestemt det.
Opplysningane i databasen kan brukast som grunnlag for analyse, statistikk og forsking.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er behandlingsansvarleg for databasen. Departementet kan gi forskrift om behandling og registrering av personopplysningar i databasen.
Føyd til med lov 11 juni 2021 nr. 80 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899).