Opplæringslova
§ 3-1 Rett til vidaregåande opplæring for ungdom
Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Dette gjeld òg dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen. Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om inntak til den vidaregåande opplæringa.
Elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.
Retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år.
Elevar har rett til å gjere eitt omval, og får då rett til utvida tid så dei kan fullføre opplæringa.
Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen gjer vedtak om utvida opplæringstid, skal det liggje føre sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9, rett til opplæring i punktskrift etter § 3-10 eller rett til særskild språkopplæring etter § 3-12. Kravet om sakkunnig vurdering gjeld ikkje for elevar med rett til særskild språkopplæring etter § 3-12.
Søkjarar har rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring innanfor utdanningsprogrammet. Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet etter forskrift fastsett av departementet.
Fylkeskommunen skal tilby anna opplæring dersom ein elev, ein lærling, ein praksisbrevkandidat eller ein lærekandidat har særlege vanskar med å følgje den opplæringa som er vald.
Departementet gir forskrift om inntak.
Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.
Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter § 4A-3. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 4A-3 i staden.
Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år.
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Ungdom som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 842), 17 juni 2016 nr. 67 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 673), 9 juni 2017 nr. 37 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 712).
Tolkningsuttalelser
Fylkeskommunens ansvar for tilbud om utdanningsprogram i eget fylke
PC i skolen - læremiddel eller hjelpemiddel?
Vurdering av elevens ungdomsrett ved inntak til videregående privatskoler
Opplæringsloven § 3-1 første ledd annet punktum - ikke-godkjent utenlandsk utdanning
Svar på spørsmål om forskrift til opplæringsloven § 1-17
Skolens ansvar for elever som har behov for helse- og omsorgstjenester i skoletiden