Norsk for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring – elevar, vaksne deltakarar og privatistar med kort butid i Noreg

I vidaregåande opplæring kan nokre elevar, vaksne deltakarar og privatistar som har vore kort tid i Noreg, følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar i staden for den ordinære læreplanen i norsk. Føresegnene er ulike dersom det gjeld elevar, vaksne deltakarar eller privatistar.

For alle gruppene er det rettslege grunnlaget § 1-17 i forskrift til opplæringslova. Felles for alle er eit krav om dei har budd i Noreg i mindre enn seks år. Grensa på seks års butid er absolutt og kan ikkje fråvikast etter skjønn. Det er det faktiske tidspunktet ein kom til Noreg, som er avgjerande for berekninga av butid, og det er den totale butida i Noreg frå opplæringspliktig alder som skal reknast med.

Elevar

Elevar i vidaregåande opplæring som både har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12 og har budd i Noreg mindre enn seks år på det tidspunktet dei tek eksamen i norsk, kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.

Nokre elevar får utvida opplæringstida si med inntil to år. Vilkåra for denne ordninga går fram av § 3-1 femte ledd i opplæringslova. For desse elevane er berekninga av butid knytt til det tidspunktet dei ville ha teke eksamen dersom dei hadde fullført på ordinær tid. For desse elevane gjeld likevel kravet om enkeltvedtak om særskild språkopplæring.

Vaksne deltakarar

Vaksne deltakarar i vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 kan òg velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Vilkåra er at dei har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, og dei må ha enkeltvedtak om at den vidaregåande opplæringa inneheld særskild språkopplæring. Båe vilkåra må vere oppfylte.

Privatistar

For privatistar gjeld òg særskilde føresegner. For privatistar er det ikkje eit krav om at dei må ha vedtak om særskild språkopplæring. Bakgrunnen er at ein kan melde seg til privatist-eksamen utan å ha fått opplæring. Føresegnene er like for privatistar som tidlegare har motteke opplæring, og for privatistar som ikkje har det. Krinsen av personar som kan melde seg til privatisteksamen etter denne læreplanen, er på den andre sida snevrare enn det som gjeld for elevar og vaksne deltakarar. Privatistar må ha eit anna morsmål enn norsk, samisk, dansk eller svensk for å kunne gå opp til slik eksamen. Det gjeld også her eit krav om mindre enn seks års butid. For privatistar er dette butidskravet knytt til det tidspunktet dei tek privatist-eksamen for første gong. Dei som har vore oppe til privatisteksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar før dei hadde vore i Noreg i seks år, kan altså gå opp til ny tilsvarande privatisteksamen også på eit seinare tidspunkt.

Det er òg eit krav om at privatisten ikkje tidlegare har fått sluttvurdering etter den ordinære læreplanen i norsk for skoleåret 2020/2021 eller seinare. Årsaka til at det er sett ei slik tidsgrense, er at det no er ei plikt for skolane å gje opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar, noko det ikkje var før 2017. Nokre elevar har difor mått følgje ordinær opplæring fordi skolen ikkje hadde tilbod om noko anna. Både offentlege skolar og friskolar som er godkjende for å gje opplæring etter læreplanane i Kunnskapsløftet, må tilby slik opplæring.