Forskrift til opplæringslova
§ 1-17 Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
Elevar i vidaregåande opplæring kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, om begge desse vilkåra er oppfylte:
- Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12.
- Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder.
Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-12 for å kunne følgje læreplanen.
Vaksne i vidaregåande opplæring særleg organisert for dei etter opplæringslova § 4A-3 kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, dersom begge desse vilkåra er oppfylte:
- Den vaksne har eit anna morsmål enn norsk og samisk.
- Den vaksne har enkeltvedtak om at den vidaregåande opplæringa inneheld særskild språkopplæring.
Privatistar kan ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom alle desse vilkåra er oppfylte:
- Privatisten har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.
- Privatisten har på eksamenstidspunktet kortare enn 6 års butid i Noreg når han eller ho første gong gjennomfører eksamen etter læreplanen.
- Privatisten har ikkje tidlegare fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk som er frå skoleåret 2020/2021 eller seinare.
Tilføyd ved forskrift 30 juni 2016 nr. 892 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrifter 28 juli 2017 nr. 1242 (i kraft 14 aug 2017), 22 mars 2018 nr. 449.